Frå mobilnotat til ungdomsbok

At Brynjulf Jung Tjønn hadde mykje tid til å tenkje då han var ungdom, legg premissane for forteljarstemmene i bøkene hans.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trettenåringen Oda tek imot fleire slag. Først eit, så eit til. Blod og tårer kan ikkje lenger skiljast frå kvarandre. Og så kjem eit slag i magen.

Handlinga frå opninga i boka “Smadra” av Brunjulf Jung Tjønn skildrar ei ung jente som tek imot slag frå mor si. Og scena avsluttar med at hovudpersonen tenkjer at dette er nytt. Mor har ikkje gjort dette før.

Smadra er den nye ungdomsboka til Brynjulf Jung Tjønn. Foto: Flamme forlag

Smadra er den nye ungdomsboka til Brynjulf Jung Tjønn. Foto: Flamme forlag

– Eg skulle i eit møte, og medan eg venta på å kome inn der, kom denne scena inn i hovudet mitt. Eg skreiv ho ned på mobilen. Og etter å ha bearbeidd ho litt, blei det til første scene i boka, fortel forfattar Brynjulf Jung Tjønn.

Det er ofte slik bokprosjekta hans startar. Han får opp ei scene, eller eit bilde, og skriv det ned.

– Viss det er noko å jobbe vidare med, får eg det ofte til. Men eg må treffe med den første scena. Viss eg då klarer å skrive fem-seks nye scener kjem eg inn i flyten. Men det er veldig sjeldan eg veit kva det skal bli heilt i starten. Eg ser kva det blir etter kvart. Men i skrivinga mi handlar det nesten alltid om familiesituasjonar der ikkje alt er som det skal. Vaksne som sviktar har blitt ein gjengangar. Og det er utgangspunktet for denne boka òg, seier han.

Les også: Fem bøker om mental helse

Ungt blikk

Uansett om Tjønn skriv for ungdom eller vaksne, er karakterane hans alltid unge.

– Det har berre blitt slik. Då eg var ung hadde eg mykje tid til å tenkje. Eg er oppvaksen på ein veldig liten stad, og hugsar godt korleis det var å vere 12, 13, 14 år. Ingenting skjedde, og eg brukte mykje tid på å lese og skrive. Eg står vel litt fast der, sjølv om eg har blitt eldre på papiret, ler Tjønn, og legg til at han også alltid vender tilbake til Feios i Sogn og Fjordane, bygda der han vaks opp, i bøkene sine. I dag bur han derimot sjølv i hovudstaden. Sjølv om han ikkje nemner stadnamn, er det mange assosiasjonar som peikar mot ei lita vestlandsk bygd med brygge og butikk og få klassekameratar i “Smadra”.

Ingenting skjedde, og eg brukte mykje tid på å lese og skrive

Oda er einebarn og far hennar er flygar og mykje på jobb og reise. Mor til Oda arbeider som arkitekt, men byrjar å slite på jobben. Handa hennar vil ikkje vere i ro. Slaga kjem hyppigare, og stadig fleire løgner om at Oda har ramla på sykkel dukkar opp. Faren set sykkelen hennar inn i garasjen. For ho får ikkje lov til å sykle så mykje, så dårleg balanse som ho har. Ho kan ikkje fortelje kva som eigentleg skjer verken til far, til læraren eller til bestevenen, flyktningguten Milad.

Milad er ein karakter Tjønn hadde på lur frå før. Han hadde starta med ei opningsscene og hadde eit par til om han. Men så hadde det stoppa, og det kunne ikkje bli ein heil roman om Milad akkurat no.

– Det er nok fordi eg ikkje har nok erfaring om det Milad kan ha opplevd. Eg skriv stort sett utifrå eigne følelsar, og det er kanskje lettare å førestille seg korleis det er å bli slått, enn å setje seg inn i livet til Milad, som har ein heilt annan bakgrunn. Men eg fann ut at han kunne passe som bikarakter i denne historia.

Les også: Dei snakka ikkje mykje om kjensler heime på garden

Lystbetont bearbeiding

Førsteutkastet til boka var Tjønn ferdig med for om lag eit år sidan. Men så har han gått mange rundar.

Den nye boka til Brynjulf Jung Tjønn tek føre seg vald mellom mor og dotter. Foto: Johanne Flottorp / NPK

Den nye boka til Brynjulf Jung Tjønn tek føre seg vald mellom mor og dotter. Foto: Johanne Flottorp / NPK

– Historia har vore der frå starten av, men så har eg skrive meir, kutta bort og gått mange rundar før det endelege resultatet var klart. Det er ein måte eg er glad i å jobbe på. Eg skriv veldig fort, og går inn i ein raptus, men bearbeidinga brukar eg lang tid på. Det som er vanskelegast og tyngst, er å få fullført ei heil historie. Å klare det, er ei utmatting. Men når eg har klart det, er resten veldig lystbetont, fortel Tjønn.

Undervegs i prosessen har Tjønn vore i tett dialog med redaktøren sin. I tillegg har foreininga Leser søker bok vore med i prosessen for å få boka til å fungere også for lesesvake.

– Dei som ikkje er lesesvake, skal ikkje tenkje over det, men foreininga har kome med innspel til ordval, stader der det er konsonantopphoping og slik, forklarar Tjønn.

Les også: Gift med nynorsken

Kven som helst

Historia som vaks fram då Tjønn skreiv “Smadra” teiknar eit bilde av ei oppegåande mor med høg utdanning og god jobb som likevel slår. Ho legg skulda på dottera, men dottera veit ikkje kva ho har gjort gale.

Tjønn fortel at det ofte i litteratur om vaksne som sviktar, handlar om dysfunksjonelle familiar.

– Det interessante då eg skreiv fram dette, var at mor ikkje er ein typisk overgripar, men ei kven som helst. Vald er ofte lett å forklare gjennom at dei vaksne er ressurssvake, har problem og utfordringar, og mora her har jo problem, men ikkje på den måten, seier Tjønn.

Skriv utifrå førestillingsevne

Tjønn ventar framleis på bokmeldingar, men tilbakemeldingane så langt er at temaet er sterkt å lese om, og viktig. At han skriv frå barnets perspektiv, er for å vise at dette kan skje med barn.

– Eg prøver å leve meg inn i korleis det kan vere å oppleve dette, seier han.

Medan nokre forfattarar må gjere mykje research for dei går i gang med arbeidet, føler Brynjulf Jung Tjønn at det stoppar opp om han må gjere det på den måten.

– Eg må skrive utifrå erfaringar eller førestillingar. Nokre ting måtte eg faktasjekke når det gjaldt Milad og situasjonen hans, men eg gjer minst mogleg av slikt. Eg må ta utgangspunkt i språket, idear og førestillingsevne.

Les også om då framtida.no intervjua Brynjulf Jung Tjønn i 2013!