Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 01.09.2018 08:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han fekk kronprinsessa til å hulka av den første ungdomsboka hans skreiv, Engel i snøen. På under to og eit halvt år har han gitt ut fire bøker. No i august kjem han med si femte bok, ei sakprosabok for barn og unge om den dansk-norske slavehandelen.

Frå framsida av Den norske slavehandelen. Foto: Gyldendal

– Då eg var liten, høyrde og las eg om eg slavehandelen. Men det var ingen som fortalde meg kor stor del nordmenn tok del. Langs kysten av Afrika var det på det meste seks dansk-norske fort som blei brukt til slavehandel, fortel Anders Totland om den nye boka.

Blant anna var sjøhelten Petter Wessel Tordenskjold dreng om bord på eit slaveskip som gjekk til Afrika.

– Eg ser starten på det som er eit stort prosjekt for meg: å koma ut med éi ny ungdomsbok, ei sakprosabok for unge og éi bok i ein ny sjanger kvart år, seier Anders Totland.

Seinare i haust kjem han med ei ny ungdomsbok, og til neste år planlegg han å debutera med ein vaksenroman.

Heksejakt av Aina Basso. Samlaget 2016

Oppdaga sakprosasjangeren

– Aina Basso og hennar Heksejakt er den viktigaste grunnen til at eg byrja med sakprosa. Ho viste korleis det kunne gjerast, og gjorde at eg skjønte at sakprosa for barn er noko anna enn skulebøker. Det handler om historieforteljing – ikkje berre fakta. Når eg skal formidla eksisterande kunnskap er formidlinga det viktigaste. Samstundes må ein tenkja heilt annleis enn med skjønnlitteratur. Ein må gi ei innføring i temaet, og forsøka å samla historier som passar målgruppa.

– Det er gøy å skriva for born og unge fordi det er fleire moralske aspekt som ein kan ta inn i verda.

Når Totland skulle skriva om den dansk-norske slavehandelen byrja han med dei lettast tilgjengelege kjeldene. Han fann ei masteroppgåve av Ina Victoria Rånes som blei veldig viktig.

Anders Totland slutta som journalist i avisa Sunnhordland i mai, og byrja som forfattar på fulltid. Foto: Svein Olav B. Langåker

Nattmannen

Nyleg fekk forfattaren med oppvekst på Bømlo og bustad i Kvinnherad eit halvt års arbeidsstipend frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF).

Han skal skriva om nattmannen – ein av dei som stod aller lågast på rangstigen i det norske samfunnet i fleire hundre år. Nattmannen var han som hjelpte bødlane etter dei hadde gjort sitt, og det var nattmannen som tømde doane i byane.

– Eg trur dei som likar å lesa om tortur på 15- og 16-talet i slaveboka også kan tenkja seg å lesa om kva som skjedde med dei avkappa hovuda, seier Totland, og trur sakprosabøkene hans vil treffa særleg gutar frå 5.klasse og til og med ungdomsskulen.

– Eg håpar at heile klassar kan lesa bøkene mine, og på den måten ha eit felles referansepunkt.

– Eg trur dei som likar å lesa om tortur på 15- og 16-talet i slaveboka også kan tenkja seg å lesa om kva som skjedde med dei avkappa hovuda

Vil leva av å ha eit fint liv

I mai slutta Anders Totland i jobben som journalist i avisa Sunnhordland for å bli forfattar på heiltid. Han er allereie fullbooka til skuleturnéar og andre oppdrag i over eitt år fram i tid.

– Eg har òg vore heldig å få stipend frå både Kulturrådet, NFF, Fritt Ord og NBU (Norske Barne- og ungdomsbokforfattere). Det er eit stort privilegium at så mange har tru på det eg driv med, seier han.

– Målet er å kunne leva av å ha eit fint liv.

I fjor kom han ut med kokeboka Digg, i tillegg til ungdomsboka Så lenge ingen ser oss. Og no i august kjem boka Den norske slavehandelen på Gyldendal, illustrert av Kristian Krogh-Sørensen.

– Mitt mål for å ikkje bli gamal, er å prøva å debutera i ein ny sjanger for kvart år. Eg har klart det til no. Og det er heldigvis mange sjangrar igjen.

– Mitt mål for å ikkje bli gamal, er å prøva å debutera i ein ny sjanger for kvart år.

– Det året eg ikkje kan ha som ambisjon å skriva ein ny sjanger, så skal eg tenkja over kva eg driv med, seier Totland, og tenkjer seg om:

– Eg har høge ambisjonar, men låge skuldrer. Eg blir strålande nøgd viss det berre blir éi bok til neste år, men eg håpar på 3-4 stykk.