Rekordopplag for nynorsk leseaksjon: – Heilt vilt

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er heilt vilt, seier prosjektleiar for Tid for ti i Foreningen !les, Ole Ivar B. Storø.

Han er nøgd med at det er så mange som vil vera med på den nynorske leseaksjonen. Tid for ti er nemleg for alle på 7. trinn i heile Noreg. Alle påmelde elevar får ei bok med utdrag frå ti nynorske bøker.

Ny rekord

– Vi har auka opplaget frå 15 000 til 20 000, og aksjonen blei fullteikna tre veker før påmeldingsfristen. Dette er ny rekord! jublar Ole Ivar (bildet).

Det er tydeleg ei stor interesse for nynorsk kvalitetslitteratur blant lærarar, elevar og bibliotekarar rundt om i Noreg. Foreningen !les opplever eit behov i skulen om eit prosjekt som legg til rette for å lese, skrive og samtale om tekstar og bøker på nynorsk.

Stor leselyst

– Tid for ti har vore ein suksess frå dag ein. Engasjementet er stort. Elevane les, skriv og meiner noko om tekstane. Aksjonen bidreg til auka leselyst, seier Storø.

Det har vore eit godt år for nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Det er berre Magnhild Bruheims «Motorsykkelmysteriet» som har vore med i tidlegare aksjonar. Elles er det heilt nye bøker med i aksjonen.