Den skumle vinden frå ytste høgre

Tor Arve Røssland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dei to siste bøkene mine Dronen og Den tolvte spelaren er tilsynelatande veldig ulike bøker. Dronen handlar om fjorten år gamle Thomas som blir dregen inn i eit nynazistisk miljø på Vestlandet. Den tolvte spelaren handlar om adopterte Kevin som opplever å bli utsett for rasistisk mobbing. Det einaste bøkene har til felles er at dei begge er støtta av Leser søker bok, som hjelper til å gjere bøker meir tilgjengeleg for lesesvake grupper i samfunnet.

Men begge bøkene hadde utspring frå eit spørsmål eg fekk frå Det Norske Samlaget. Om eg kunne tenkje meg å skrive ein lettlest nynorsk grøssar for ungdom? Ja, det kunne eg, sa eg. Og begynte å gruble. Først grubla eg fram ideen til Dronen, og merka at dette ikkje var nokon grøssar. Eg skreiv om til bokmål og etter ei stund kom boka på Mangschou forlag i serien Skumring, der eg har skrive to bøker før.

Dronen er gjeve ut på forlaget Mangschou.

Dronen var til tider ubehageleg å skrive, sidan hovudpersonen går lenger og lenger inn i ein nasjonalistisk mentalitet som eg verkeleg avskyr. Då eg skulle skrive dialogar mellom Thomas og dei nynazistiske kompisane hans, gjekk eg inn på blant anna Sylvi Listhaug si Facebook-side, men eg rekna ikkje med å finne noko. Gjett om eg tok feil! Eg måtte faktisk tone ned nokre av sitata eg lånte derifrå, slik at nazistane eg skulle skrive om blei meir truverdige. Makan til hat og bevisst spreiing av løgner både om konkurrende parti og ikkje minst innvandrarar og muslimar har ikkje sett nokon annan stad. Og eg snakker ikkje om kommentarfeltet.

Eg måtte inn på verkelege nynazistiske nettsider for å få ned kvilepulsen. Verkelege nynazistar er i det minste opne om kven dei er, og dei skjuler ikkje jødehatet, konspirasjonsteoriane og muslimhetsen. Dei marsjerer i gatene og vi veit stort sett kvar vi har dei. Men Frp og Listhaug er mykje meir utspekulerte. Dei framstiller seg sjølv som det einaste partiet som ynskjer å bekjempe terrorisme, og terroristar framstiller dei utelukkande som muslimske. Men faktum er at den einaste terroristen som har angripe Noreg trådde sine nazistøvlettar som medlem av Frp.

Men neida, Carl Ivar, Siv og Sylvi har ikkje noko med dette å gjere. Årevis med hatretorikk har ingen fylgjer. Likar du ikkje det vi seier, så er det utelukkande din feil. Men ein gong nokon kritiserer hatretorikken deira, så inntar dei offerrolla og finn fram eit bilete der Listhaug ser skikkeleg trist ut. Og ekkokammeret på internett støttar og hyllar den modige dama. Det må jo vere lov å setje ting på spissen? seier dei. Slik at folk flest ikkje tenkjer på at dei blir skatte- og pensjonstaparar med den mørkeblå politikken. At kulturlivet blir gradvis rasert legg heller ingen merke til. Eller at mannlege Frp-arar har det med å krafse på ungjenter i fylla. Muslimane må bekjempast slik at vi ikkje får sharia her i landet, slik som i Sverige! Med denne forkvakla Frp-logikken i bakhovudet skreiv eg historia om Thomas som blir nynazist, og som likar det. Men eg måtte som sagt roe det heile litt ned, elles hadde ingen trudd på historien eg ville fortelje.

Den tolvte spelaren kjem ut på Samlaget no i mars.

Å skrive Den tolvte spelaren har eg innsett må ha vore ei ubevisst terapeutisk handling, for å gjere godt igjen det fæle eg skreiv om i Dronen. Kevin er adoptert frå Columbia og har opplevd mykje rasisme. Handlinga er lagt til 1985, året då eg sjølv vart fjorten og boka har ein klår antirasistisk tematikk. Den rasistiske bølla, Ronny, kunne like gjerne ha vore «helten» i Dronen, har eg tenkt. Det handlar om synsvinkel, og i Den tolvte spelaren er det ein god og sympatisk forteljar som hovudperson. Mens i Dronen er det ein gradvis usympatisk forteljar, til og med upåliteleg. Du kan eigentleg ikkje stole på han at han vil deg vel. Litt sånn som med Frp-arar.

Teksten blei først publisert på bloggen Forfattaren.no.