Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jack Black kjøpte boka til Ida Neverdahl (24)

Ida Neverdahl frå Stavanger flytta til Bergen og begynte på medisintudiet. Men det blei det ikkje noko av. No lever ho fulltid som illustratør og teikneserieskapar. Det livet elskar ho, sjølv om døgnrytmen ikkje er den beste.

– Dette er litt tidleg for meg, eg pleier vanlegvis sove no, seier ho då eg møter henne på kafe ein morgon.

Ho har med seg boka Hvordan kan Los Angeles knuse hjertet mitt (2017), som ho har skrive saman med kollega og bestevenn Øystein Runde. Teikninga hennar er lett å dra kjensel på: Fargane turkis, lilla og gult går att, og pregar dessutan Instagram-bilda hennar, der over 13.000 følger henne.

Saka held fram etter bildet.

Ida Neverdahl trivst godt i Bergen og på reisefot. Foto: Elise Løvereide

Putin forelska i Øystein

I fjor fekk Neverdahl eit reisestipend frå Norsk Illustrasjonsfond for å dra til Los Angeles. Mellom anna skulle ho møte eit amerikansk teikneserieforlag for å gje ut ein av sine teikneserier, Gele.

Neverdahl tok like gjerne med seg teikneserieskapar og kompis Øystein Runde på reisa.

– Eg og Øystein møttest på ein teikneseriefestival i Moskva. Og sjølv om han er ein del eldre enn meg, var vi to dei yngste på seminaret og fann raskt tonen, fortel Neverdahl, og held fram:

– Øystein er jo ein etablert teikneserieskapar, og eg tenkte at eit samarbeid dessutan ville vere bra for karrieren min.

Møtet resulterte i boka Moskva, der president Vladimir Putin har ei rolle. Boka er omsett til polsk, men i den polske versjonen er Putin litt meir dristig.

– Utgivaren i Polen ville at vi skulle teikne Putin i litt meir «gay porn»-settingar, så det gjorde vi, fortel Neverdahl.

Alle er rare

Neverdahl er mest kjend for sine surrealistiske historier, sjølv om mykje av innhaldet har utspring i noko verkeleg. I den nye boka møter teikneserieskaparane den amerikanske presidenten – ein litt mindre dryg, men ond trollmann som dei må kjempe mot.

Andre delar av boka handlar om rare tankar som Ida Neverdahl får av folk ho møter og ting ho opplever.

– Alle er rare i LA. Dei fleste driv på med noko kunstnerisk og har si eiga greie. Vi møtte aldri nokon som var heilt vanlege, ler Neverdahl.

Eit døme var ein mann som såg ut som ein uteliggar inne på eit kjøpesenter. Han hadde på seg ei Scooby Doo-pysjamasbukse. Neverdahl ville ta selfie med han, fordi ho sjølv har ei pysjamasbukse med Ninja Turtles på.

– Då vi tok bildet, kom ei flott dame bort og sa at ho var kona hans og at han var ganske berømt fordi han speler i eit band.

Fleire andre spesielle personar har fått plass i den nye boka. Jesse, ein teikneserieskapar som dessutan driv på med jujitsu, er Neverdahls store helt. Ho og Runde drog like gjerne til senteret der han trener.

– Litt stalky, men eg er ikkje creepy. Eg fekk lov til å kvele han, men eg fekk det ikkje heilt til, seier Neverdahl.

Saka held fram etter bildet.

Neverdahl går i Women´s March. Foto frå boka.

Jack Black kjøpte boka

Men den to månadar lange turen tærte litt på vennskapet mellom Ida og Øystein. Dei delte ein trong leilegheit og åt berre søppelmat.

– Øystein er litt irriterande å bu med. I tillegg skal han snakke med absolutt alle. Ein dag sat vi på ein kafe og signerte kopiar av Moskva, då Jack Black kom inn. Han snakka lenge med Øystein, men eg fekk det ikkje med meg eingong.

Neverdahl meiner at Moskva er ei meir politisk bok enn Hvordan kan Los Angeles knuse hjertet mitt.  

– Trump mistrivst som president og vil heller bli teikneserieskapar. Mens Putin blir forelska i Øystein, ler Neverdahl.

– Alle er ein karakter på nett

Ho har alltid drive med teikneseriar. Som 18-åring vert ho profesjonell teiknar, og har halde fram med kunstformen digitalt. Før ho droppa ut av medisinstudiet fullførte Neverdahl ein bachelor i visuell kommunikasjon ved Kunsthøgskulen i Bergen.

– Folk blir stadig flinkare til å lese teikneserier. Mykje går føre seg på nett, og der kan eg nå ut til 400.000 i staden for nokre få tusen gjennom eit magasin. Folk er dessutan interesserte i å lese om andre sine kvardagar. Alle er sin eigen karakter på nett.

I januar skal ho tilbake til Los Angeles. Men det er Bergen som er heime – førebels.

– Eg er ikkje ein person som tenker langt fram i tid.

Foto frå boka