Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får 200.000 for å fullføra hysterisk trilogi

Det tok to år mellom første boka Når ein først skal skyte nokon (2010) og Kom ikkje inn i mitt hus (2012).

Seks år etter har nok den verste latterkrampen gitt seg for dei som har lese dei to elleville og kompromisslause forteljingane om den norske språksituasjonen. Men bok nummer tre om kampen for nynorsken i Vassbygda er enno ikkje her.

Arnfinn Kolerud blei fredag flogen inn frå ein skulesekkturné i Sunnhordland for å motta stipendet og heideren under ein festmiddag i Ørsta i samband med 25-årsjubileet til Nynors kultursentrum.

LES OGSÅ: Sjå Liv Signe Navarsete sine revestrekar med Arnfinn Kolerud

– Jippi!

– Jippi! No kan eg kjøpe meg tid til å skriva. Det er mange som har etterlyst tredje bok. Dei synest at trilogiar på berre to bøker er ein uting. Det har dei heilt rett i! jublar forfattar Arnfinn Kolerud.

– Dette er som eit stipend til eit tingingsverk. Styret vedtok å oppretta jubileumsstipendet for at Kolerud skal få høve til å skriva band tre i ein romantrilogi om den norske språksituasjonen, seier direktør Ottar Grepstad.

– Kva han skriv i band tre, er hans sak. Me har berre sikra oss urframføringar i Ørsta, Ulvik og Vinje.

LES OGSÅ: Økland, sa Økland

Fakta: Arnfinn Kolerud

  • Kjem frå Isfjorden i Romsdal.
  • Profilert ungdoms- og vaksenbokforfattar med fleire litterære prisar.
  • Bøkene hans er prega av språkleg kreativitet og ordleik, med handlingar lagde nær opp til kvardagsliv og jordnær røyndom – med rom for fantasirike innfall.