Frå trollmannen Harry til prins Harry, her er «BookTube» si ultimate leseliste.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 19.08.2024 08:08

Youtube har, som Tiktok, vorte ein viktig plattform for å diskutere bøker. Innhaldsskaparar deler meldingar, rangerer karakterar, viser fram bokhyllene sine, og lagar mykje anna innhald som handlar om bøker. Dette vesle hjørnet av videodelingsplattforma vert kalla «BookTube».

Ifølge plattformen sjølv har videoar med «BookTube» i tittelen fått meir enn 350 millionar visningar i løpet av det første halvåret i 2024.

No har Youtube sjølv gått gjennom videoar frå Booktube og trekt fram nokre av dei mest omtala titlane gjennom åra sidan 2012. Booktubarane Jack Edwards og Cinthia “Cindy” Pham presenterte lista med bøkene på Youtube denne veka.

Lista inneheld alt frå kjende og kjære fantasy-bøker til bøker om rasisme, kjærleik, kolonialisme, forskingsetikk, revolusjon, #MeToo og kongeleg drama.

 

Twilight (2005) – Stephenie Meyer

Dei tre første bøkene på denne lista treng nok ingen introduksjon. Twilight har vore elska (og til dels hata) sidan den første boka kom ut og gjorde vampyrar og varulvar sexy igjen. Så stor vart serien at historier som starta som Twilight fan-fiction utvikla seg til eit heilt eige bokfenomen med Fifty Shades of Grey.

 

Harry Potter and the Deathly Hallows (2007) – J.K. Rowling

Likeins er den siste boka i Harry Potter-septologien ein klassikar. Sjølv om Harry Potter-universet og særleg forfattar J.K. Rowling opplever ein liten nedtur i popularitet om dagen, vart Harry Potter og dødstalismanene rekna som ein tilfredsstillande slutt på ein serie som definerte barndommen til ein heil generasjon.

 

The Hunger Games (2008) – Suzanne Collins

Truleg ein av dei mest populære og ikoniske “Young Adult”-dystopi-seriane, som berre held fram med å gi. Historia om unge Katniss Everdeen sitt motvillige opprør mot dei autoritære kreftene i hovudstaden Capitol har (diverre?) resonnert med mange sidan replikken “I volunteer as tribute” først vart trykt i 2008.

 

  1. The Fault in Our Stars (2012) – John Green

Okay? Okay. Denne boka gjorde forfattar og Youtubar John Green til ei stjerne i fleire krinsar på internett. Boka vart både elska og kritisert for dei to kreftsjuke, litt pretensiøse karakterane som kyssa i Anne Frank-muséet og snakka i metaforar.

 

The Brief Wondrous Life of Oscar Wao (2007) – Junot Díaz

Boka som av nokre vart kalla den beste boka på 2000-talet då ho kom i 2015, vann også Pulitzer-prisen for skjønnlitteratur.

Boka handlar om dominikanske Oscar, som veks opp i New Jersey, og forbanninga som har plaga slekta hans i fleire generasjonar. Boka brukar overnaturlege element til å drøfte tema som vald, diskriminering og maskulinitet.

 

The Immortal Life of Henrietta Lacks (2010) – Rebecca Skloot

Cellene hennar er framleis i live i dag. Dei har blitt brukte til utvikling av vaksiner, kreftforsking og undersøkingar av effekten av atombomber. Sjølv døydde Henrietta Lacks i 1951, og denne boka fortel den sanne historia om livet og døden hennar.

 

The Curious Incident of the Dog in the Nighttime (2003) – Mark Haddon

Ein mysterie-roman som fekk merksemd for å ha ein hovudkarakter som var på autismespekteret.

Boka følger 15 år gamle Christopher, som oppdagar at nabohunden har vorte drepen med ein høygaffel. Inspirert av Sherlock Holmes tek Christoper på seg oppgåva med å nøste opp i trådane.

 

A Court of Thorns and Roses (2015) – Sarah J. Maas

Sjølv om den første boka i denne romantiske og heite fantasy-serien kom ut allereie i 2015, er det særleg dei siste par åra at interessa for bøkene har skote i taket, mellom anna som ein BookTok-yndling.

Denne første boka i serien følger 19 år gamle Feyre, som vert teken til landet til feene for å bli straffa etter at ho drep ein ulv i skogen.

 

Fun Home: A Family Tragicomic (2006) – Alison Bechdel

Ei sjølvbiografisk teikneseriebok skrive av forfattaren bak “Bechdel-testen“. Boka tek for seg Bechdel sitt kompliserte forhold til faren, og tek opp tema som seksuell orientering, kjønnsroller, sjølvmord og dysfunksjonelle familiar. Bechdel tok fotografi av seg sjølv i ulike positurar som referanse til teikningane i boka.

Den nemnde Bechdel-testen oppstod først som ein vits i teikneserie-stripa hennar, “Dykes to Watch Out For”, og dreier seg om representasjon av kvinner i film og andre medium. For at ei historie skal bestå Bechdel-testen, må to kvinner ha minst éin samtale saman som handlar om noko anna enn ein mann.

 

Americanah (2013) – Chimamanda Ngozi Adichie

Forfattaren Chimamanda Ngozi Adichie – som vart sitert i Beyoncé-låta Flawless, der superstjerna kom ut av skapet som feminist – er den einaste med to bøker på denne lista. Americanah følger ei nigeriansk kvinne som byrjar på universitetet i USA, kor ho først og fremst lærer kva det inneber å vere ein “svart person”.

 

She Said (2019) – Jodi Kantor & Megan Twohey

Dei to journalistane som avslørte #MeToo-skandalen til filmgiganten Harvey Weinstein, publiserte denne boka som går gjennom forhistorien, nettverket og den enorme påverknadskrafta til Weinstein.

 

The Vanishing Half (2020) – Brit Bennett

Dei to tvillingsøstrene Desiree og Stella veks opp i Louisiana på 1940-talet. Dei er mørkhuda, men lyse nok til å “passere” som kvite. Etter kvart som dei veks opp, vel Stella å leve livet som “kvit”.

Boka utviklar seg til ein familiesaga og tek opp tema som rasisme, “passering” og vald i nære relasjonar.

 

Normal People (2018) – Sally Rooney

Boka som sementerte Sally Rooney sin posisjon som ein innflytelsesrik samtidsforfattar å følge med på, og vart adaptert til ein suksessfull og kritikarrost TV-serie.

Boka følger irske Connell og Marianne frå tenåra til universitetet, og dreier seg om venskap og ung kjærleik på tvers av klasseskilje.

 

Half of a Yellow Sun (2006) – Chimamanda Ngozi Adichie

Nok ei bok frå Chimamanda Ngozi Adichie. Denne handlar om den nigerianske borgarkrigen fortald gjennom liva til fem ulike personar. Boka tek føre seg tema som krig, kvinnesak og kolonialisme.

 

Spare (2023) – Prins Harry & J.R. Moehringer

Prins Harry heldt lite tilbake, og opna opp om både frosne kjønnsorgan og drepne talibanarar i denne sjølvbiografien som vart publisert i kjølvatnet av det temmeleg kjølige brotet mellom prinsen og det britiske kongehuset. Det vart det sjølvsagt diskusjonar av.

 

Fire Rush (2023) – Jaqueline Crooks

Den ferskaste boka på lista følger ei ung kvinne frå undergrunnen i London på 70-talet, tilbake til røttene hennar på Jamaica.

Det er debutromanen til Crooks, som sjølv vart fødd på Jamaica. Boka er basert på dagboka hennar, og ho brukte 16 år på å skrive henne.