Skeive bøker er under press i USA – California forbyr bokforbod
I 2023 vart rekordmange bøker bannlyste ved amerikanske skular og bibliotek. Guvernøren i California sikrar desse bøkene plassar i offentlege bibliotekhyller.
I 2023 vart fleire bøker bannlyste frå skular og bibliotek i USA, enn noko år tidlegare, så lenge det har blitt registrert. Mange av dei bannlyste bøkene har hatt LHBTQ+- eller rasismetematikk.
No har guvernøren i California signert ei lov kalla «Fridom til å lese», som slår fast at offentlege bibliotek ikkje har lov til å fjerne bøker eller nekte å kjøpe inn bøker basert på synspunkt, idéar eller meiningar.
– Bannlysing av bøker rettar seg uproporsjonalt mot materiale som inneheld røystene og livserfaringane til LHBTQ-folk og etniske minoritetar, seier California-demokraten Al Muratsuchi, som har forfatta lova, i ein uttale.
– Vi må kjempe mot denne rørsla for å sikre at folk i California har tilgang til bøker som tilbyr eit mangfald av perspektiv frå folk med alle slags bakgrunnar, idéar og syn, seier han.
– Ein hjørnestein
Lova slår fast at materiale ikkje kan bli ekskludert eller avgrensa utelukkande på grunn av rase, nasjonalitet, kjønnsidentitet, seksuell legning, religion, funksjonsnedsetting, politisk tilknyting, sosioøkonomisk status eller andre karakteristikkar knytt til tema, forfattar, kjelde eller målgruppe.
Tilsette ved biblioteket kan heller ikkje miste jobben eller bli straffa for å lage utstillingar, program eller innkjøp med «gode intensjonar».
– Fridommen vår til å lese er ein hjørnestein i demokratiet. Diverre er det ei veksande rørsle som vil bannlyse bøker over heile landet, også i California, seier Muratsuchi.
Den aktuelle lova gjeld ikkje på skulebibliotek. Men California har tidlegare innført ei lov som forbyr offentlege skular å bannlyse bøker på grunn av LHBTQ+-tematikk. Lova kom som eit motsvar til «Don’t say gay»-lover som har vorte innførte i republikanske statar.