BOKMELDING: Inger Johanne Sæterbakk skriv fengande, godt og med humor om kor pinleg det kan vera å vera tenåringsjente i ungdomsromanen «1000 dagar».
Camilla Ruhs
Camilla Ruhs
Fakta

1000 dagar
Inger Johanne Sæterbakk
Aschehoug

LES FAKTALUKK FAKTA

1000 dagar byrjar pinleg. Bestevennene Johanna og Georg oppdagar at kattane deira driv på med knulling. Og verre skal det bli for Johanna når Georg startar fyrste time på den nye ungdomsskulen ved å fortelje om kattane deira. Da finn Johanna ut at ho må setje vennskapet på pause. Det må bli ei pause på 1000 dagar til ungdomsskulen ferdig. Ho kan ikkje la dei andre tru at ho og Georg er eit par. Han er rett og slett ikkje kul nok.

Men 1000 dagar er lenge for Johanne. Det blir ei berg-og-dalbane for ho. Rett og slett dramatisk. Det er ikkje lett å vera 12 år, og ikkje ha mensen. Dei andre jentene i klassen har pupper. Ser kule ut. Medan Johanna har ein gut til bestevenn. Det blir ei tid med «kroppen full av kaos» og «komplisert kjærleik».

Sæterbakk leiker seg rett og slett glimrande både i språket og med titlar på kapittel som: «Blåbærmensen», «A-L-D-R-I stole på nokon igjen», «100 prosent bra» og «Hemmeleg overraskingsoljeaksjonsbursdag». Det er så mange artige og pinlige situasjonar Johanna kjem oppi.

Vi blir godt kjende med Johanna gjennom eg-forteljaren. Kan hende er dette den største styrken ved boka. Det er mogleg å identifisere seg med ho anten om du er 12 år eller eldre. For kven har vel ikkje leika flasketuten peiker på som yngre? Kanskje har du svara ein gut eller jente i klassen eller prøvd å finne på eit namn? Det siste gjer nemleg Johanna. For ho har ei favorittbok Victoria av Knut Hamsun, som ho har lese 6 gonger og her fantaserer ho om Johannes. Krise blir det når læraren les høgt for klassen bokmeldinga om favorittboka, og klassekameratane spør om om ho er forelska i ein fantasi.

Spenningsmomentet i 1000 dagar ligg i det å sjå kor lenge Johanna klarer å ikkje vera besteven med Georg. Som lesar så skjønner du kanskje for fort at det ikkje kjem til å gå 1000 dager. Boka slutter i ein forrykande fest.

Sjølv om 1000 dagar har eit ungdomstema, så tenkjer eg at framsida av boka kommuniserer med noko yngre lesarar. Eg tenkjer at boka passar ypparleg for dei som snart skal byrja på ungdomsskulen, eller nettopp har begynt.

Les intervju med forfattaren her!

Få nyhendebrev med siste boknytt her!

Oppdatert: laurdag 28. oktober 2017 09.55

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE