– Eg sa høgt og tydeleg at pappa sat i fengsel

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 20.08.2018 15:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For Sofia Haugan var det ikkje noko uvanleg eller skambelagt med å ha ein far som sat i fengsel. At han var i fengsel representerte noko trygt.

Når han sat i fengsel visste ho kor han var, og ho visste at det var folk som tok vare på han. Der var det rutiner og tilbod om aktivitetar. I fengsel var det fokus på livsmeistring.

Familien var alltid opne om at faren sat i fengsel, og da ho vaks opp på Oslo aust på 90-talet, beskriv ho det som at det var regelen heller enn unnataket å ha familieproblem eller ein fråverande far.

At han var i fengsel representerte noko trygt.

Overraskinga var difor stor da ho som tiåring flytta med mor si til ei lita bygd i Trysil. Ein samtale i den nye skolegarden gjekk om lag sånn:

– Kor er far din, spurte den nye bestevenninna.

– Han er i fengsel, svara Sofia, som ho brukte å svare om nokon spurte.

– Å nei, stakkar deg, var reaksjonen til venninna, og plutseleg høyrdest det å ha ein far i fengsel ut som noko stort og vanskeleg. Det var venninna si oppleving, og ikkje Sofia på ti år si oppleving. Den reaksjonen gjekk og igjen hos vaksne på den nye heimplassen.

Les også: Korleis er det i fengsel? Her er nokre svar

Eit sjølvforsvar å vere utan skam

Haugan fortel at hennar forsvar da ho opplevde ei «stakkarleggjering» frå medelevar og lærarar på den nye heimstaden, var å vere skamlaus.

– Om eg sa høgt og tydeleg at pappa sat i fengsel og ikkje skamma meg over det sjølv, så kunne ingen ta meg på det, og da vart eg usårbar.

I filmen Røverdatter blir vi kjente med Sofia som vaksen, og far hennar, Kjell Magne Haugan. I filmen blir dei kjente med kvarandre, og filmen viser korleis det kan vere å vere pårørande til ein rusavhengig.

I store delar av filmen kjempar Sofia for å gi far sin eit behandlingstilbod og å få han ut av eit liv som rusavhengig.

Sjølv om barndommen og å ha ein far som sit i fengsel berre er eit bakteppe i filmen, så har Sofia Haugan gitt eit ansikt til barn med ein forelder i fengsel.

Les også: Musikalsk pause i fengselet

Mange trur dei er den einaste i verda

Hanne Hamsund er leiar i støtteforeininga «For fangers pårørende». Ho meiner det betyr mykje for andre pårørande å sjå nokon som står fram og er opne om situasjonen sin.

– Mange barn trur at dei er dei einaste i verda som har ein forelder i fengsel og føler seg veldig åleine i sitt. Det betyr mykje at nokon vil bruke si historie og sette eit ansikt på det, seier Hamsund.

– Er det mange rollefigurar å finne?

– Nei det er ikkje det, fordi det ofte er ei skjult gruppe. Så det er ikkje så ofte at dei unge har nokon å identifisere seg med.

Ho fortel at eit av dei store spørsmåla for mange pårørande er korvidt dei skal fortelje om fengslinga til omverda. At mange vel å ikkje gjere det, gjer og at det blir mindre synleg i samfunnet.

– Det er lettare å stå fram og vere opne når andre har gjort det, som Sofia har gjort. Eg trur det både vil gjere det lettare for andre å vere i den situasjonen, men òg å fortelje om den situasjonen til andre.

– Skal vi fortelje? Skal barna dra på besøk eller er det best å la vere?

Hamsund fortel at barna ofte er redde for kva andre vil synest og korleis dei vil reagere. Mange går med det som ein stor hemmelegheit.

– Så ser vi at når dei tør å fortelje, så får dei ofte mykje støtte. Og mange barn opplever det som ein stor lette å fortelje det til venner eller klassekamerater. Mange fortel at når dei først fortalde, så fekk dei meir støtte einn dei hadde trudd.

Ho seier også at det kan vere lurt at ein lærar eller andre vaksenpersonar er kjende med situasjonen og kan støtte, og at ein har snakka med foreldre eller andre vaksne om korleis ein skal fortelje.

Sofia Haugan meiner og at det eit klasseperspektiv.

– Når det gjeld fengsel og rus, så er det ofte verre for ein middelklassefamilie der det er venta å ha alt på stell. Å skulle oppretthalde ein fasade, trur eg er ganske vanskeleg for barn.

Les også: Psykisk sjuke i fengsel hamnar på glattcelle

Samtalen må vere på barna sine premiss

Haugan meiner vaksne har ein tendens til å gjere barn svakare enn dei er, og minnast at det som var mest problematisk var i møte med vaksne.

– Når ein får store reaksjonar frå andre, er første instinktet å ikkje seie det til nokon. Når du fortel noko som ikkje er så farleg for deg eller så sårbart, og du får ein valdsam reaksjon tilbake, får du ei oppleving av at «personen ikkje toler det eg snakkar om». Da kan ein ikkje fortelle noko som er meir vanskeleg til den vaksne, seier ho.

Ho meiner vaksne må tole å ha ein samtale med barn der dei får fortelje si oppleving av ting, og godta kva barnet opplever som normalt.

– At barnet set premissen for om det skal vere ein vanleg samtale eller «no deler eg noko sårt».

– Det er ikkje nødvendigvis så vanskeleg å ha ein forelder i fengsel. Det kan vere trygt og fint, og kjem heilt an på situasjonen. Det er individuelt. Vaksne treng ikkje å fortelje barn at det er fælt og vanskeleg. Barnet må få sette dei premissane. Det fekk ikkje eg da eg flytta til Trysil og vart møtt med «stakkars deg», seier ho.

Les også: Ungdomsstraff hjelper lovbrytarar på rett veg