Pårørandesenteret i Oslo driv den nasjonale rådgivingstelefonen for pårørande. I år starta dei òg opp ein chat for yngre.
mm

I fem år har PIO-senteret i Oslo drive den nasjonale rådgivingstelefonen for pårørande innan psykisk helse.

Der har dei opplevd ein jamn auke kvart år, og i fjor var det i overkant av tusen personar som ringte inn for råd og hjelp. I mars i år oppretta dei òg ein chat for å nå ut til unge pårørande.

Bekymring for den som er sjuk

Ellen Richter Eriksen er nestleiar for PIO, Pårørandesenteret i Oslo, og ho fortel at tema som ofte går igjen blant dei som tek kontakt, er bekymring for den andre sin helsetilstand, og vanskar med kommunikasjon innad i familien og med hjelpeapparatet.

Ein pårørande får store omsorgsoppgåver og gjer mykje praktisk, som gjer at ein kan bli veldig stressa. Desse oppgåvene gjer det verre å følge opp livet generelt. Det er det som i sum blir kalla pårørandebelastning.

Les også: – Eg sa høgt og tydeleg at pappa sat i fengsel

Skyldkjensle blant dei unge

Blant dei unge som tek kontakt på chat, er gjentakande problem bekymringar og skyldkjensle. På chatten hjelper kontaktpersonane barn og ungdom å forstå si eiga rolle i situasjonen.

– Det vi tek utgangspunkt i, er at dei unge ikkje skal bere ting åleine. Det er veldig viktig å dele det ein står i med ein annan. Når dei har tatt kontakt med oss er det eit første steg som er veldig viktig, seier Richter Eriksen.

– Vi hjelper dei å skilje kva som er vaksenoppgaver og kva ansvar eit barn skal ha. Barn skal få vere barn så langt det lar seg gjere, seier ho.

Les også: Unge vaksne slepp eigendel for psykiatrisk hjelp

Hjelper med å kartlegge kva ein treng

Kontaktpersonane hjelper dei unge pårørande å finne ut korleis dei har det og kva vedkommande treng.

– Det er vanskeleg for eit barn å sette ord på korleis ein har det og å vite kva ein treng. Det er mange som tek kontakt som ikkje har snakka med andre om det. Mange på chat er opptekne av å vere anonyme, og vil beskytte foreldra sine, seier Eriksen.

Barn skal få vere barn så langt det lar seg gjere

Dei som tek kontakt kan benytte seg av senteret sine tilbod og gjere ei avtale. Senteret har òg til ein viss grad høve til å dra ut og møte barn og unge der dei er.

Ellers oppfordrar dei til å snakke med andre vaksne. Ei helsesøster, ein lærar, eller andre familiemedlem.

Les også: Først og fremst er han bror min

Her er råd til pårørande til psykisk sjuke:

  • Ein god fastlege er viktig: Hos eigen fastlege kan du få informasjon om kva for hjelp som finst for deg som pårørande. Fastlegen til pasienten kan motta bekymringsmeldingar, og hjelpe med å søke hjelp og finne tenester til den som er sjuk.
  • Akutt-tilbod: Alle kommunar har eit akutt-tilbod, finn ut kor det er.
  • Lågterskeltilbod: Nokre kommunar har lågterskeltilbodet: «Rask psykisk helsehjelp».
  • Be om informasjon om: behandling, sjukdomsforløp og medisinering, kontaktperson, og kontaktinformasjonen til ansvarleg behandlar.
  • Be om rettleiing og kriseplan for familien, og ansvarleg kontaktperson ved utskriving til kommunehelsetenesta.
  • Skaff deg «Pårørandes rettar» gitt ut av Helsedirektoratet.
  • Ta vare på deg sjølv og be om hjelp frå familie og venner.
  • Kontakt pasient- og pårørandeforeiningar.

Kjelde: PiO-senteret/Den nasjonale rådgivingstelefonen for pårørande

Kontakt den nasjonale rådgivningstelefonen for pårørande: 22 49 19 22.

Barn og ungdom kan kontakte chatten «Noen på hjertet», den er open tysdag og onsdag kl 16-20.

Les også: Statsbudsjettet 2019: Vil styrke kommunen sin innsats for barn si psykiske helse

Oppdatert: torsdag 11. oktober 2018 12.37

Kommentarar

ANNONSE