Med mykje humor og varme snakka Tale Marie Krohn Engvik, betre kjend som Helsesista, om sjølvkjensle, porno, sex og å setje grenser.
Ingvild Aursøy Måseide, Vikebladet.no
Ingvild Aursøy Måseide, Vikebladet.no

Først publisert på Vikebladet.no.

Denne veka har Helsesista møtt ungdomar og vaksne i Ulsteinvik på fleire arenaer. Ho har halde føredrag på Sjøborg, ho har vore på Bell Ungdomsklubb, Ulstein Ungdomsskule og Ulstein vidaregåande skule.

For eit år sidan arbeidde ho som helsesøster på fire skular i Oslo. Men så tok ho eit friår for å vere helsesøster på Snapchat. Og no har ho sagt opp jobben sin for å vere @helsesista på heiltida. Ho ser det at mange ungdomar kvir seg for å oppsøkje eit kontor for å få hjelp. Det er enklare for dei å sende ein snap om det er noko dei lurer på eller har eit problem.

Mange tusen ungdomar følgjer no Helsesista på sosiale medium som Snapchat, Facebook og Instagram.

Våg å vere

Fredag var det VG2-elevane ved Ulstein vidaregåande skule som fekk høyre på henne.

– Eg har gledd med mykje til å kome hit. Eg er dykkar helsesøster også om de vel å følgje med på Snapchat, sa Engvik.

Våg å vere, var overskrifta på føredraget hennar. For det handlar om å våge å vere. For nokre kan det vere tøft nok å våge å vere i live. Det kan handle om å våge å vere eit godt førebilete, eller våge å vere sårbar, til dømes.

Ho trur ungdomar har eit større press på seg i dag samanlikna då ho sjølv var ung og mobilen vart brukt til å ringje, sende meldingar eller spele snake. Sosiale media bidreg på eit auka press. Ungdomar har press på kropp, skule, fritidsaktivitetar, oppdatere sosiale media og henge med vener. For nokre blir det rett og slett for mykje. Dei blir slitne og treng hjelp.

Sjølvi: Mange ungdomar ville bli fotograferte i lag med Helsesista. Og mange nytta sjansen til å gje henne ein klem. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Det er lurt å vere merksam på kva ein blir sliten av, tipsa ho.

Stå på to bein

Om ein fokuserer mykje på utsjånad, og ein tenkjer seg at det er eit bein, blir ein ekstra sårbar om ein får ein stygg kommentar på utsjånad. Ein bør ha fleire bein å stå på og tenkjer på andre ting enn kropp og prestasjonar, som personleg og kven ein er så menneske. Då er ein ikkje så sårbar om ein får ein stygg kommentar, for ein er så mykje meir.

Ein bør også vere flink til å framsnakke andre og gje kompliment som går på eigenskapar, som å fortelje nokon at dei har så fint smil som ein blir glad av å sjå.

– Ikkje snakk ned deg sjølv

Ein bør ikkje stå og slenge drit til seg sjølv i spegelen, eller tenkje stygge tankar om seg sjølv. Ho oppmoda ungdomane til å bli flinke til å byggje god sjølvkjensle. Prøv heller å leggje merke til kva du gjer bra.

Urealistiske bilete i pornoen

Helsesista snakka enkelt og direkte om alvorlege tema, innblanda ein god porsjon humor.

Ho rettar ikkje peikefinger om kva ungdomar bør halde seg unna, men ho fortalde om ein del vrangbilete ein kan få gjennom pornografi. Historiene ein får servert der er ikkje realistiske og noko ein skal måle seg mot.

Eit nei er eit nei

Ein bør tenkje over eigne grenser, kva ein synest er greitt og korleis ein skal vere mot andre. Det er ikkje greitt å mase seg til sex, det går båe vegar. Om ein har tenkt gjennom eigne grenser på førehand er det enklare å halde dei om ein hamnar på fest der det blir drukke alkohol.

Sex utan samtykke blir definert som valdtekt, det skal vere eit tydeleg ja. Om personen søv eller er for rusa til å vite kva han/ho er med på, er det valdtekt.

Samtidig som nei er eit nei, er ja eit ja. Ikkje meld nokon for falsk valdtekt.

Ho tok også opp reglar rundt å sende nakenbilete til kvarandre. Det er ungdomar som har ville ta livet av seg for dei synest det er så flautt at nakenbilete av dei har kome på avvege.

– Men alle kan gjere dumme ting i blant, sa ho og minna om at foreldre heller vil hjelpe borna sine enn at dei tar livet av seg.

Oppdatert: sundag 22. april 2018 09.40

Kommentarar

ANNONSE