Palestinsk jente (17) slapp ut av fengsel: Vekkjer åtgaum i verdspressa

Snorre Sandemose
Publisert
Oppdatert 02.08.2018 12:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er glad, men eg vert gladare når alle palestinske kvinner vert sette fri frå fengsla til den israelske okkupanten, sa Ahed Tamimi sundag kveld til verdspressa. Det skriv mellom andre den spanske avisa El País.

Etter at Ahed vart arrestert av israelske militære heime i huset sitt grytidleg om morgonen den 19. desember i fjor, har ho vorte eit symbol på den palestinske motstandskampen mot den israelske okkupasjonen av dei palestinske territoria Gazastripa og Vestbreidda.

Det fyrste ho fortalde verdspressa etter at ho hadde kome heim att til familien sin i den palestinske landsbyen Nabi Saleh, var at «motstanden held fram til okkupasjonen er over».

Ho takka for mediemerksemda ho har fått etter at ho hamna i arresten. Ho uttrykte òg eit ynskje om at kampanjen som har sett søkjelys på hennar fengselssoning kan vidareførast til å gjelde alle dei andre palestinske ungdomane i israelske fengsel.

Les også: Vil visa verda borna som vert fengsla

Klaska og slo til israelske soldatar i desember

Fredag 15. desember protesterte palestinarar på Vestbreidda og på Gaza-stripa mot Trump sitt vedtak om å flytte den amerikanske ambassaden til Jerusalem.

Under demonstrasjonane i Ahed sin landsby, Nabi Saleh, storma israelske militære huset til familien hennar. Hæren kunngjorde i etterkant at dei hadde storma huset for å hindre at det vart kasta meir steinar deifrå. Israelske troppar tømte huset for folk og ynskte etterpå hindre folk i å gå inn att i huset.

Litt seinare kom Ahed på veg inn mot huset, men vart stogga av dei israelske militære, som heldt vakt i tunet. Ahed byrja då å klaske dei israelske soldatane fleire gonger. Eit klask som ser litt hardare ut enn dei andre, råka den eine soldaten i andletet.

Mora til Ahed filma det heile på Facebook live. To dagar seinare byrja filmen å spreie seg som eld i tørt gras i palestinske sosiale media, og grytidleg tysdag morgon, den 19. desember, vart Ahed arrestert heime i huset sitt av israelske militære.

Les også: Augevitne på Vestbreidda

Arrestasjonen vekte åtgaum

I motsetnad til dei fleste arrestasjonane av mindreårige palestinarar i dei okkuperte områda, fekk arrestasjonen av Ahed brei mediedekning. Bilete av den lyshåra, palestinske jenta pryda avisframsider verda over, og ho vart med eitt verdsberømt.

I byrjinga av rettssaka mot Ahed var det snakk om at ho kunne få so mange som ti års fengsel, men til sist, nesten tre månader etter at ho hadde vorte arrestert, vart ho dømt til åtte månaders fengsel.

Per mai 2018 var det nærare 300 mindreårige palestinske fangar i israelske fengsel. Somme av dei arresterte er so unge som tolv år gamle.

Les også: Razika fekk truslar om drap og valdtekt

Mora og kusina vart også dømde

Mora til Ahed, Nariman, gjekk til militærfengselet Ofer på Vestbreidda same dag som dottera hadde vorte arrestert. Då ho kom dit, vart ho òg arrestert. Ho fekk åtte månaders fengsel som dotter si, og fekk i tillegg ei bot. Ho vart dømt for å ha oppmoda til valdeleg framferd.

På videoen der Ahed klaskar og slår dei israelske soldatane, er ho saman med kusina si, Noor. Noor vart arrestert dagen etter Ahed og Nariman. Ho vart dømt til fem månader fengsel i tillegg til ei bot.

Les også: Sender båt frå Noreg til Gaza

Fetteren til Ahed fekk øydelagt andletet

Far til Ahed, Bassem Tamimi, har i ettertid sagt at dottera hans gjekk til åtak på soldaten fordi han hadde skote ei gummikule i andletet til fetteren hennar under demonstrasjonane same dag. Fetteren skal ha fått øydelagt ein del av kraniet i skallen, og det tok to operasjonar å få ut gummikula frå skallen. Han fekk varige skadar i andletet.

Ifylgje Bassem skal israelske soldatar òg ha slått kona hans og borna hans medan dei saumfarte huset. Han seier òg at soldatane konfiskerte telefonane, fotoapparata og datamaskinene i huset under ransakinga.

Les også: Teologistudent Åse Selsvold var på studietur i Palestina

Ahed var alt kjent i Palestina

Episoden i desember i fjor var ikkje fyrste gongen Ahed rauk i tottane på israelske militære.

Då ho var 14 år gamal hamna ho i slåsskamp med ein israelsk soldat, som ho beit, slik at han fekk lettare skadar. Den gongen greip ho inn for å hindre at veslebroren hennar på 12 år skulle verte arrestert.

Soldaten ville arrestere bror hennar for å ha kasta stein, trass i at veslebroren såg ut til å ha forstua eller knekt eine armen, som han hadde i ein fasle.

Videoen av den då 14 år gamle Ahed som kasta seg i slåsskamp med den væpna israelske soldaten og beit han, spreidde seg etterpå i palestinske sosiale media.

Les også: Ap vil anerkjenna Palestina

Propagandastunt frå Tamimi-familien?

Ahed Tamimi kjem frå ein palestinsk familie og ei palestinsk slekt som er særleg kjende for å gjere motstand mot den israelske okkupasjonen. Kritikarar i Israel seier foreldra til Ahed kan ha pressa henne til å agere mot væpna, israelske soldatar for å score propagandapoeng.

El País fortel òg at mange av medlemene i Tamimi-klanen har vortne drepne av israelske militære. Ifylgje avisa er det sjeldant å møte på nokon frå klanen som ikkje har vore fengsla minst ein gong av israelsk politi eller militære.

Faren til Ahed har vore fengsla fleire gonger, og i fylgje familien sjølv er 15 medlemer av slekta i fengsel no.

Landsbyen der storfamilien held til, Nabi Saleh nært Ramallah, ligg i det okkuperte territoriet som Israel kallar for område C. Heile området vert kontrollert av det israelske militæret, både administrativt og militært. Israel har bygt ut fleire jødiske koloniar i området.

Les også: Brende går ut mot israelsk nybyggjing

DEMONSTRASJONANE I PALESTINA DEN 15. DESEMBER

  • Den 6. desember i fjor kunngjorde Donald Trump at USA vedkjenner Jerusalem som Israel sin hovudstad og at landet vil flytte ambassaden sin dit.
  • Byen Jerusalem er i dag delt mellom Palestina og Israel. Den vestre delen av byen er Israelsk og den austre delen er palestinsk. Israel okkuperer derimot den austre delen, og har i seinare år gradvis fortrengt palestinarar derifrå.
  • Den 15. desember tok palestinarar til gatene for å protestere både på Gazastripa og på Vestbreidda mot Trump sitt vedtak om å erklære Jerusalem israelsk hovudstad.
  • Det var den 15. desember i fjor at Ahed Tamimi klaska og slo to israelske soldatar, og at fetteren hennar tidlegare på dagen hadde fått andletet øydelagt av ei gummikule som vart fyrt av mot han av ein israelsk soldat.
  • Same dag vart til saman fire palestinarar drepne og 200 såra i Gaza og på Vestbreidda i samband med demonstrasjonane.
  • Ein av dei fire drepne palestinarane freista å sprenge seg sjølv attmed israelske soldatar, opplyser israelske militære.
  • Ein av dei drepne demonstrantane var ein 29 år gamal mann i rullestol som hadde mista begge beina under den israelske droneoffensiven på Gazastripa i år 2009. Ifylgje vitna på staden vart han skoten i hovudet medan han sat i rullestolen sin, med det palestinske flagget i handa.