Stoltenberg: Oljefondet skal ikkje ha eigardelar i selskap som medverkar til Israels krigføring

Oljefondet har selt seg ut av elleve israelske selskap og seier opp avtalar med eksterne forvaltarar i Israel.

NPK-NTB
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I dei etiske retningslinene for fondet blir det slått fast at det ikkje skal investerast i selskap som medverkar til statars brot på folkeretten. Difor skal ikkje Pensjonsfondet ha eigardelar i selskap som medverkar til Israels krigføring i Gaza, sa finansminister Jens Stoltenberg (Ap) under ein pressekonferanse måndag ettermiddag.

Fondet var ved utgangen av halvåret investert i totalt 61 israelske selskap. Elleve av desse er ikkje ein del av referanseindeksen til Finansdepartementet, og Oljefondet har no selt seg ut av desse selskapa.

Nedsalet starta førre veke og vart fullført måndag, opplyser Stoltenberg.