– Eg såg det eg såg

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Teologistudenten Åse Selsvold var i haust på ein studietur til Palestina og Israel. Ho såg mykje som gjorde inntrykk, men den opplevinga ho fann mest urovekkjande fekk ho først etter at ho kom heim til Bømlo. Der opplever ho at mange avviser det ho har å fortelje.

– Eg såg det eg såg
«Eg såg det eg såg», skreiv Selsvold på bloggen sin i byrjinga av desember.

Saman med ti andre frå Kirkens Nødhjelp var Selsvold ei veke i Palestina og Israel. Der såg ho det som kan vera grava og barndomsheimen til Jesus og ho vitja Genesaretsjøen og Klagemuren.

Men Selsvold såg òg palestinske skuleborn som må ha følgjesveinar for å koma seg trygt til skulen. Ho såg familiefedre og studentar som kvar morgon står timesvis i kø, for å kryssa sjekkpunkt på veg til jobb eller universitet.

LES OGSÅ: – Oljefondet legitimerer okkupasjonen

Selsvold møtte også ein tidlegare offiser i det israelske forsvaret, som stifta organisasjonen Breaking the Silence. Ifølgje organisasjonen er det eit gap mellom den røynda israelske soldatar opplever i teneste, og den stilla som møter dei når dei returnerer til samfunnet. Gjennom å samla inn og spreia forteljingar frå soldatar og offiserar, ønskjer organisasjonen å bryta denne stilla.

Ho vitja i tillegg eit område i byen Hebron, der 500-600 jødiske busetjarar bur, passa på av kring eitt tusen soldatar. Attmed busetjinga går ei palestinsk handlegate og over gata er det strekt hønsenetting og store segl, for å beskytta dei som går i gata mot søppel og anna som vert kasta over muren frå busetjarane si side.

– Då eg snakka med palestinarar såg eg glimt av ein skummel resignasjon, seier Selsvold.

Vart slått ut av responsen
– Det var ei veldig sterk oppleving å reisa til Midtausten. Tenk alle borna som veks opp og ikkje veit om noko anna enn denne uretten. Her heime møter eg folk som seier at det eg har sett ikkje skjer. Dei fornektar det, rett og slett, seier ho.

Selsvold seier denne responsen har kome frå kristenkonservativt hald. Ho meiner politikk og teologi ofte vert blanda saman, slik at ein ikkje skil mellom staten Israel og jødane som folk.

LES OGSÅ: Levde tett på rakettangrepa i Israel

– Det er jo slik for oss alle, at me har mest å gjera med dei som deler vårt syn. Som Ap-politikar gjekk eg aldri på Høgre sine møte. Det same gjeld dei Israel-venlege her. Mange har sjølv vore i Israel, men vi kan umogleg ha vore på dei same stadene, seier ho.

– Eg er ingen aktivist, og har freista å formidla det eg såg nøkternt. Likevel vert eg både fysisk og psykisk slått ut av den responsen eg har fått. Eg får høyra at dei eg snakka med på turen var kjøpt og betalt av venstrevridde aktivistkrefter. Eg veit ikkje om det er nokre andre felt som kan samanliknast med dette. Synet er veldig fastlåst, og går heilt inn i beinmargen, meiner Selsvold.

Selsvold har sjølv vore kristen heile livet. I tillegg er ho teologistudent ved NLA Høgskulen, som er ein privat, kristen høgskule. Ho trur forteljingar om urett mot palestinarar rokkar ved det religiøse fundamentet til mange.

– Eg trur mange opplever at det strir mot Guds plan. At Gud har lova jødane dette landet, og at det er opp til Gud å ordna opp. Då speler det ingen rolle at palestinarane har budd der heile tida, eller at det finst mange palestinske kristne som ikkje kjem seg til kyrkjene sine grunna sperringane.

Nytt felt
Før Selsvold reiste til Midtausten, var ho ikkje særskilt oppteken av konflikten.

– Eg hadde sjølvsagt høyrt om konflikten, og var til dels klar over uretten. Samstundes hadde eg tenkt at det vert ingen røyk utan eld, og eg hadde jo også høyrt om åtak frå palestinsk side. Dette har aldri vore noko kampsak for meg, fortel ho.

LES OGSÅ: Om å ta side for ei langvarig løysing

– Eg ønskjer ikkje å angripa dei som er ueinige med meg. Men eg tykkjer det er veldig synd at ein fornektar fakta. Om ein har vore i Israel utan å aktivt oppsøka desse områda, som Checkpoint 300 eller busetjingane i Hebron, så har ein ikkje sett undertrykkinga med eigne auge.

Den responsen Selsvold fekk då ho kom heim, har gjort henne såra og skuffa.

– Samstundes tykkjer eg dette er veldig spesielt. Nokon burde gjera ein doktorgradsstudie av kva mekanisme det er som gjer at ein ikkje let seg rokka i det heile teke og fornektar fakta, seier ho.

– Store lidingar på begge sider
Toralf Steinsland er tidlegare leiar i Moster Indremisjon på Bømlo, og har også arbeidd som guide for den norske turoperatøren Si-Reiser, som arrangerer turar til Israel.

– Eg skal ikkje nekta for det Selsvold har opplevd og sett på sin tur i Israel. Det ein ser, det ser ein, men det er ikkje alt. Ein vel ut kva ein vil sjå. Eg har vore mange gongar i Israel og kunne fortelja om heilt andre ting, skriv Steinsland i ein epost.

– At palestinarar må gjennom sjekkpunkt for å koma inn i Israel er naturleg på bakgrunn av den terroren som har vore. Takka vere sjekkpunkta har Israel i dag redusert terroren til eit minimum og spart sivilbefolkninga for mykje liding. Ingen i Israel ønskjer gjerde og murar, men vert tvinga til det grunna terroren, meiner han.

Steinsland kommenterer også Selsvold sine forteljingar frå Hebron, der det er sett opp netting over gata.

– Kvifor må jødane i Hebron vaktast av 1000 soldatar i ein by med 200.000 palestinarar? Det kan ikkje berre vere eit nettinggjerde som er det store problemet, men kanskje har det også noko med palestinarane å gjera. Heile verda skriv om 200.000 jødar som bur på Vestbreidda som den store hindringa for fred. Men det bur faktisk 1,6 millionar palestinarar i Israel. Kvifor skal Vestbreidda vere jøderein, medan palestinarane kan byggja og bu fritt i Israel? spør Steinsland.

Han hevdar at Israel handlar i sjølvforsvar mot rakettane som kjem frå Gaza.

– Kva trur du kan vere årsaka til at det finst så motstridande forståingar av konflikten i Israel-Palestina?

– Det er store lidingar på begge sider i denne konflikten. Det vert aldri ei løysing før palestinarane fullt ut anerkjenner Israel som ein jødisk stat. Som kristen trur eg også at Gud ein dag skal gripa inn, Han har ikkje forkasta det folket Han ein gong valde ut. Vi ser at antisemittismen er veksande i dag og at jødane får skulda for det meste som er galt, hevdar Steinsland.

Han meiner verdssamfunnet må stille dei same krava til palestinarane som til Israel.

LES OGSÅ:  Augevitne på Vestbreidda

Saka held fram under biletet.


– Nettinggjerde over gata i Hebron, for å hindre at folk vert trefte av ting som vert kasta frå jødiske busetjarar på andre sida av muren, skriv Selsvold på bloggen sin. Foto: Åse Selsvold.

Diskuterer frå ulike premiss
Då konflikten blussa opp i sommar, skreiv Framtida.no om den parallelle ordkrigen om Israel og Palestina. Samfunnsgeograf Anja Sletteland har forska på dei ulike fortellingane om konflikten. Ho deler argumenta i to grove båsar.

Den eine sida, som har størst internasjonalt gjennomslag, ser Israel som ein militært overlegen stat, som okkuperer palestinsk territorium på Vestbreidda og sperrar folket på Gaza inne i noko som liknar eit utandørsfengsel. Makttilhøvet er svært skeivt og det er semje om at Israel trugar folkeretten.

Frå den andre sida ser ein ikkje konflikten som mellom Israel og palestinarane åleine, men heller mellom Israel og den arabiske verda. Her er makttilhøvet skeivt den andre vegen. Israel er i mindretal, mot ein stor og trugande fare. Dette perspektivet rår i Israel, og får internasjonal tyngde fordi USA stiller seg bak.

– Begge partar snakkar om dei same ønska, som tryggleik og anerkjenning av nasjonal sjølvråderett. Men partane oppfattar historia så ulikt og diskuterer frå så ulike premiss at dei nær umogleg kan møtast. Konsekvensane av samanbrotne fredsforhandlingar er omfattande. Nær kvar gong dei bryt saman vert det krig, sa Sletteland til Framtida.no i sommar.

LES OGSÅ: Ordrigen om Gaza