Vil visa verda barna som blir fengsla

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Femten år gamle Emad Al-Rozzi spring så fort han berre kan. I hælane har han israelske soldatar. Den palestinske guten smett inn i eit hus, og forsvinn ut av syne.

Familien som bur der stiller ingen spørsmål. Dei ser at Emad er redd. Mor i huset gir guten eit glas sitronjus og let han drøyme seg vekk i videomaskina han har oppdaga at familien eig. Den er ein sjeldan skatt i Nuseirat flyktningleir i Gaza i 1990. Pulsen søkk og ei stund gløymer femtenåringen klemma han sit i.

Tidlegare same kveld har Emad spelt tennis med broren sin. Ved eit uhell hamna ballen på gata. Det er portforbod, og Emad veit at han ikkje burde, men han kan sjå ballen – den ligg rett utanfor døra. Han opnar døra på gløtt, stikk hovudet ut, ser ingen, høyrer ingen. Emad bestemmer seg for å ta sjansen. Han går for ballen.

Først då han står på gata ser han soldatane. Han vert redd. Inne i huset sit dei fire brørne hans, kva om dei alle vert tekne? Han rekk å opne døra og rope at brørne må gøyme seg før han legg på sprang.

Heiter du Emad? spør den venlege mora i huset der Emad gøymer seg.

– Det er ei dame som skrik i gatene. Ho ropar på Emad, fortel ho.

Emad riv seg laus frå videomaskina og tek til gata. Der finn han mor. Augo hennar er raude og opphovna. Soldatane har teke broren hans med til militærleiren. Han er ti år eldre enn Emad og kan få minst seks månader i fengsel. Emad er mindreårig, han kan sleppe billegare unna.

Med hjartet i halsen går Emad heim. Han hentar ID-papira som beviser at han ikkje er myndig. Han grip den gule tennisballen som starta det heile. Og han tek på seg ei tjukk jakke.

Sit i kroppen
– Det var tredje gongen eg vart arrestert av israelske soldatar. Eg visste kor hardt dei kunne slå og tenkte at kanskje jakka ville minske smerta. Turen til militærleiren der broren min sat var den lengste turen i livet mitt.

Emad er ikkje femten år lengre. Han sit på kafeen Fyrhuset på Høgskolen i Oslo og Akershus, der han jobbar som studieleiar og skriv doktorgrad. På mobilen har han bilete av mora si som bakgrunn. Ho gjekk bort for nokre år sidan. Det er lenge sidan han har vorte arrestert av israelske soldatar.

LES OGSÅ: Levde tett på rakettangrepa i Israel

Likevel gjer slaga og orda framleis vondt. Inne i varmen fortel han om korleis han måtte sitje i eit tornekratt og vente den dagen for over 20 år sidan, før broren var leidd ut, med bind for augo og plasthandjern kring handledda. Han fortel korleis soldatane audmjuka broren framføre Emad, før dei to byta plass. Broren fekk gå, medan Emad måtte sitje natta over. Han fortel om slag, om israelske soldatar som urinerte på han og dei andre ungdommane, og om dei harde orda som hagla.

I barne- og ungdomstida hadde han liknande opplevingar over eit titals gongar.

– Trauma sit fast i kroppen, seier Emad.

Han snakkar ikkje berre av eiga erfaring. I heile sitt vaksne liv har Emad arbeidd med barn som på ein eller anna måte har opplevd traume. Han har drive dramaterapi for palestinske barn som har vorte arrestert på Gaza, og han forskar på mindreårige asylsøkjarar i Noreg. I haust var han med på å starte ein kampanje mot fengsling av palestinske barn.

– Barna som veks opp på Gaza og Vestbreidda i dag har det endå verre enn vi hadde det, seier han.

LES OGSÅ: Google godkjenner Palestina

Til ei kvar tid sit over 200 palestinske barn i israelske fengsel. Barna vert ofte dårleg behandla, ifølgje ein FN-rapport. Illustrasjonsfoto: Bruno/Flickr/CC-lisens.

Steinkasting kan gje 20 år
Ifølgje UNICEF-rapportenChildren in Israeli Military Detention, sit kring 220 mindreårige palestinarar i israelsk fangenskap til ei kvar tid. Langt fleire kjem i kontakt med israelske soldatar på ulike måtar. Dei yngste barna er kring 12 år. Dei fleste er blitt fengsla fordi dei har kasta stein mot israelske militære på Vestbreidda, ei handling som i teorien kan bli straffa med inntil 20 års fengsel.

LES OGSÅ: Les det opne brevet frå Mads Gilbert

Som okkupert territorium er Vestbreidda underlagt israelsk militærlov. Dette juridiske systemet gjeld dei palestinske innbyggjarane på Vestbreidda, men ikkje dei kring 600.000 israelske borgarane som bur der i ulovlege busetjingar.

Det todelte rettsvesenet har møtt sterk kritikk. Ikkje berre vert det kalla diskriminerande, men det vert også hevda at det er i strid med folkeretten.

FN-rapporten om palestinske barn i israelske fengsel konkluderer med at barn som kjem i kontakt med israelsk militærrett systematisk vert mishandla gjennom heile rettsprosessen, frå arrest, via forhøyr til eventuell domfelling.

LES OGSÅ: Kva er eigentleg IS?

– Grove brot på menneskerettane
Nyleg gav Utdanningsforbundet støtte til kampanjen som blant andre Emad står bak. Leiar Ragnhild Lied, seier følgjande på forbundets nettsider:

– Dette er grove brot på menneskerettskonvensjonar som er gjeldande både i Israel og i dei palestinske sjølvstyreområda. Desse brota på menneskerettane går utover dei svakaste – dei palestinske barna, som vert krenkte og til og med torturerte.

Andrea Sjøvoll i Redd Barnas ungdomsorganisasjon PRESS, meiner Noreg må gå i front

og ta tydeleg avstand til fengsling av barn.

– Fengsling av barn er alltid gale og skal berre skje som siste utveg i eit kort tidsrom. Barn er meir sårbare enn vaksne, og tek meir skade av å sitte i fengsel enn vaksne. Ein må alltid prøve andre alternativ først. Om barn likevel skulle hamne i fengsel er det utruleg viktig at dei vert behandla som barn. Ingen barn skal verte utsette for tortur eller anna umenneskeleg behandling eller straff, uansett bakgrunn eller nasjonalitet, skriv Sjøvoll i ein epost til Framtida.no.

QUIZ: Kva veit du om Midtausten?

Frykta i kroppen
I dag er det ikkje Emad sjølv som spring. I dag sit han i Noreg og er hjelpelaus når han snakkar med nevøen sin på telefon. Den sytten år gamle nevøen har celebral parese og fortel at han gruar seg til bombene kjem. Han lurer på kva han skal gjere når familien må springe så fort dei kan.

– Barna som veks opp på Gaza i dag vert ikkje slått, dei vert drepne, seier Emad og løftar fram barna som mista livet då konflikten blussa opp i sommar.

– Og dei kring 4000 barna som vart skada i sommar, dei må leve vidare med skadane. Somme treng rullestol, somme treng krykker, somme har mista synet.

Emad er uroa for framtida.

– Trauma barna opplever har alvorlege langsiktige konsekvensar. Eg er veldig redd for framtida. Eit tiårig barn i Gaza har opplevd tre krigar. Ein kan ikkje vente eit sunt samfunn når barna har opplevd så mykje vald og hat.

LES OGSÅ: Augevitne på Vestbreidda

Å sjå barna
Emad er likevel eit vandrande prov på at framtida ikkje treng å vere mørk, sjølv om ein har opplevd traume i oppveksten. På kontoret i fjerde etasje på HiOA syner studieleiaren og doktorgradsstipendiaten ein kornete video han sjølv har laga. Den er frå 2001, då han starta opp eit dramaterapiprosjekt på Gaza for barn som hadde hatt traumatiske møte med israelske soldatar.

I videoen fortel mødrer om barna sine. Dei får ikkje sove, dei klarar ikkje konsentrere seg, dei slit på skulen, dei er redde, dei vætar senga om natta, dei er aggressive, syner lita interesse i livet og ser mørkt på framtida, seier dei. Alt dette er typiske symptom på traume, ifølgje Emad.

Videoen syner barn som ligg på golvet med lukka auge. Ein gut knip augo saman, rynkar panna, vrir på seg og skjer grimasar. Han løftar armane over andletet, som for å skjule eller verne andletet.

– Barna skulle gjere ei avslappingsøving under dramaterapien, men i byrjinga klara dei det ikkje. Når dei lukka augo, kunne dei ikkje halde kroppen i ro, forklarar Emad.

Pilotprosjektet vara i ti veker. Då Emad skulle møte foreldra til barna for å evaluere terapien, sneik han seg gjennom blokkeringane mellom dei ulike flyktningleirane på Gaza, som er heilt åtskilde, og kom seg til flyktningleiren Jabalia.

– Då eg høyrde på mødrene sine forteljingar, byrja tårene å renne. Dei fortalde at barna var rolegare, tenkte meir positivt og hadde betre konsentrasjon. Terapien hadde verkeleg ein verknad, seier Emad.

– Det er eg veldig stolt over – det syner at det nyttar å sjå barna.

(Prosjektet lever vidare, sjølv om Emad ikkje arbeider med det lenger. Eit teater frå Storbritannia freistar å starta eit tiårig dramaterapiprosjekt for traumatiserte barn i Gaza.)

LES OGSÅ: Ordkrigen om Gaza

Faktaboks

Kampanjen «Palestinske barn i israleske fengsel» held fram til kampanjeveka 7. til 15. februar 2015. Då vert det arrangert ein konferanse med internasjonale gjestar.

Hovudbodskapen er at ingen barn skal verte fengsla. Dersom mindreårige likevel vert arrestert og fengsla er krava:
• Ingen bruk av tortur eller vald.
• Israelske og palestinske barn skal behandlast likt.
• Barn har klare rettar.

Kvekersamfunnet, Norsk Folkehjelp, Seniorgruppen for Palestina, Palestinakomiteen i Noreg og Fellesutvalet for Palestina står bak kampanjen.

Utdanningsforbundet, Fellesorganisasjonen, LO i Oslo, Transportarbeiderforbundet, Fagforbundets Ungdom, Kvinneligaren for fred og frihet, Bestemødre for fred og Redd Barna er blant organisasjonane som støttar kampanjen.