Brende går ut mot israelsk nybygging

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Eg deler bekymringa uttrykt frå FN, EU og USA over at Israel no har kunngjort fleire planar for utviding av busettingar i Aust-Jerusalem og på Vestbreidda, seier utanriksminister Børge Brende (H) i ei pressemelding frå Utanriksdepartementet.

Han viser til planane for over tusen nye bustader i busettingane i Aust-Jerusalem og Palestina denne veka og sist veke. Dette kjem på toppen av fleire kunngjeringar om nye bustader tidlegare i månaden. Planane kjem som eit svar på aukande valdsbruk frå palestinsk side den siste tida, ifølgje avisa Haaretz.

Uttalen frå Brende kjem etter at FN, EU, USA og andre alt har kritisert dei israelske planane. Utanriksministeren seier bygginga av busettingar på okkupert palestinsk område er folkerettsstridig.

– FN og Den internasjonale domstolen i Haag har slått fast at dei områda som Israel tok kontroll over i krigen i 1967 er okkupert område, og at det strir mot folkeretten å flytta eigen sivilbefolkning dit, seier Brende.

Han peikar dessutan på at kunngjeringa ikkje lar seg foreine med Israel si erklærte støtte til to-statsløysinga.

– Noreg oppmodar difor Israel om å reversere disse avgjerslene, som bidrar til å undergrave høvet til gjenopptaking av forhandlingar om ei tostatsløysing, understrekar Brende.

LES OGSÅ: Framtida intervjua Razika då dei fekk drapstruslar etter «Fritt Palestina»-markering