På landsmøtet til Arbeidarpartiet sa Jonas Gahr Støre at dei vil anerkjenna Palestina om dei kjem i regjering, også utan fredsavtale med Israel.

Det sa Gahr Støre sjølv frå talarstolen på landsmøtet i dag.

– Om me får regjeringsansvar, opnar me for å anerkjenna ein palestinsk stat, sa Ap-leiaren ifølgje NRK som følgjer landsmøtet.

Han la til at ein fredsavtale mellom Israel og Palestina ikkje må vera på plass før dei anerkjenner Palestina som ein eigen stat. I dag har 135 land anerkjent staten Palestina.

LES OGSÅ: Augevitne på Vestbreidda

Men Israel sin ambassadør, Raphael Schutz, er kritisk.

– Å anerkjenna Palestina som eigen stat no vil vera eit feilgrep som bidreg til å forlenga konflikten, seier Schutz i ein kommentar til NTB.

AUF-leiar Mani Hussaini viser si begeistring på Twitter. Å anerkjenna Palestina som stat er ei sak AUF har jobba for i lengre tid.

 

LES OGSÅ: Ordkrigen om Gaza

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE