«Unødvendig at det må gå så langt kvar gong nokon ytrar seg»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har fått truslar om drap og valdtekt

– Det er veldig usakleg og unødvendig at det må gå så langt kvar gong nokon ytrar seg, seier Marie Amdam i Razika på telefon til Framtida.no.

Etter at bandet publiserte eit bilete av seg sjølv med plakatar med «Boikott Israel!» og «Fritt Palestina» har dei opplevd ei bølgje av netthets på Facebook og Twitter.

LES OGSÅ: Ordkrigen om Gaza

«Idiotjenter»
Biletet vart delt vidare av bloggar og samfunnsdebattant Suzanne Aabel, som kallar bergensbandet for «idiotjenter» og «ignorante morons».

Razika skriv på si offisielle Faceebook-side om korleis biletet har vorte spreidd til sionistiske miljø verda over og at dei vert oppfatta som eit nazistisk og antisemittisk band som støttar IS og Hamas.

Embla Karidotter fortel at at mykje av kommentarane dei får er hersketeknikkar, i tillegg fortel dei om drapstuslar frå Israel og USA.

– Dei skriv med fullt namn og kvar dei er frå. At dei kjem frå Israel og at me burde bli tatt med til Palestina og voldtatt der.

Sidan dei grovaste truslane kjem frå utlandet, har dei valt å ikkje melda saka til politiet.

LES OGSÅ: Meiner nett-troll må få bøter

«Antisemitt» eller «Palestina-hatar»
Dei norske reaksjonane går ifølgje bandet mest på at Palestina-saka ikkje har noko i 1. mai-toget å gjere.

Jentene i Razika føler seg ikkje som noko offer, men vil løfta fram kor usakleg debatten vert når ein rettar fokuset mot konflikten i Midtausten.

– Det er ein ekstremt betent situasjon. Med ein gong ein støttar Palestina, så er ein jødehatar og antisemitt, og med ein gong ein kritiserer Palestina for rakettane dei sender opp, så hatar ein Palestina, seier Embla.

Ho er oppgitt over korleis engasjementet deira har gått viralt og byrja å handla om nazisme, noko ho understrekar at er heilt feil.

Offentleg ansvar
Dette er ikkje første gong Razika engasjerer seg. Bandet har tidlegare spelt gratis for Førdefjorden og oppmoda kvinnelege artistar til å selja musikk, framfor kropp.

Bandet er ikkje redde for å ytra seg politisk og skulle gjerne sett meir samfunnsengasjement frå andre artistar.  

– Me tenkjer at når me er offentlege personar, så kan ein ikkje berre laga musikk. Det er mange som ser opp til deg og då synest me at me har ansvar for å seia ifrå, seier Embla.

Ho meiner på si side at Suzanne Aabel, som ein profilert samfunnsdebattant burde starta debatten på eit meir sakleg nivå. 

Den brutale sanninga
– Det er den kjipe konsekvensen av å uttala seg om Midtausten. Det haglar usakleg dritt frå høgre og venstre. Det nektar eg å ta skulda for. Eg unner ingen å få slike truslar, eg får hårreisenda trusler som får meg til å grine eg òg. Dette er den sure biverknaden av å ytra seg på nettet i 2016. Ein skulle tru dei aldri hadde vore på nettet før, seier Suzanne Aabel til NRK.no, som òg har omtala saka.

Ovanfor VG medgjev bloggaren at ho kan ha kasta litt bensin på bålet.

– Ja, eg delte lenkja deira, og eg er jo litt rappkjefta, og eg synes det dei melder er idioti, så eg kalla dei idiotjenter. Den brutale sanninga er at slike tilbakemeldingar dukkar opp når ein snakkar om dette temaet, seier Aabel.