Midt mellom regnet av gummikular, gjetarar og ortodokse jødar med palestinske flagg står ein student frå Førde. Fordi det ikkje er nok å “like”.

– Det er meiningsfylt å kunne vere her fordi eg kan kommunisere ei historie som ikkje vert fortalt i vestleg media, seier Hans Eirik Systad Tyssen.

Han er 31 år, utdanna lærar og frå Førde. For tida skriv han master om komparativ og internasjonal utdanning, men det er sett på pause. Han har reist til Palestina og Israel som ein del av ledsagerprogrammet til Kirkens Nødhjelp, for å observere og fortelje verda kva som skjer der nede, mellom anna gjennom twitterprofilen @hanstyssen. For å følgje palestinske gjetarar gjennom israelske busetjingar, barna trygt til skulen og for å støtte fredelege israelske fredsforkjemparar.

Programmet er prinsipielt upartisk, og tek ikkje stilling i konflikten, men er ikkje upartisk når det kjem til brot på folkeretten og internasjonal lov.

LES ÒG: Levde teitt på rakettangrepa i Israel

Som ein del av programmet har han reist rundt i ulike byar og landsbyar på Vestbreidda, og er for tida i Jerusalem. Det kan vere ganske dramatisk, sjølv om han er langt frå Gaza der krigen no rasar.

– Det er mange som spør kvifor vi er her, og ikkje i Gaza. Eg kjenner meg stort sett trygg, men å bli skutt på med gummikledde stålkuler av israelsk politi i går kveld sette ein støkk i meg. Det var likevel ikkje noko som vil hindre meg i å fortsetje arbeidet.


Artikkelen held fram under biletet.

Tyssen twitrar frå demonstrasjon i Jerusalem. Foto: Twitter.com

– Kollektiv straff på Vestbreidda
 langt har det vore dagar med sterke inntrykk, sidan konflikten eskalerte 12. juni. Då forsvann tre israelske tenåringar frå Vestbreidda medan dei freista å haike heim. Fleire mistenkte at dei var kidnappa, og hendinga førte til at den israelske hæren sette i gang aksjonen Operation Brother’s Keeper, der fleire hundre palestinarar vart arresterte. Gutane vart funne døde 30. juni, men framleis er ingen dømde for bortføring eller drap.

Tyssen fortel om livet på Vestbreidda  då det israelske forsvaret gjennomførte aksjonen.

– Vestbreidda var prega av kollektiv straff i etterkant av at dei tre busetjarungdommane vart funne døde. Aksjonen var enorm, med over 1200 nattraid, 600 arresterte, fleire drap og ei mengde husøydeleggingar over heile Vestbreidda. Stemninga var særskilt spent mellom dei ulovlege busetjarane og palestinarane, fortel han.

Situasjonen tilspissa seg 2. juli, då den palestinske guten Muhammad Abu Khedeir vart funnen brent i ein skog. Seks israelske nasjonalistar vart arresterte. Tre dagar etterpå vart fetteren hans, Tariq, banka opp av israelsk politi medan han vart arrestert. Episoden vart filma, blei lagt ut på Youtube, og skapte stort raseri.

Dei neste dagane blei det sendt stadig fleire bombar og rakettar begge vegar, og 8. juli lanserte Israel den pågåande operasjonen Protective Edge.

Frå Jerusalem kan Tyssen fortelje om sterke kjensler og ei spent stemning.

–  Då eg gjekk i gamlebyen i Jerusalem i går var det fleire vaksne menn som braut ut i gråt når dei snakka om kva som skjedde i Gaza. Det verkar å ha kome eit skifte etter dei gruelege åtaka på Shejaiya (fattig og tett bebudd nabolag, journ.mrk) i Gaza. Eg har høyrt folk seie ting som at det ikkje lenger er krig mot Hamas, men mot det palestinske folket. Andre har sagt at ein ikkje kan snakke om å overleve i Gaza, fordi ein kan ikkje leve i Gaza, seier han.

Han er svært urolig for framhaldet, for korleis dei siste tidas hendingar skal påverke det vidare fredsarbeidet.

– Det er utruleg spent, og det byggjer seg opp eit sinne og ei sorg over dei høge sivile dødstala, og særskilt at så mange av dei drepne er born. Det er både høgst forståeleg og skummelt, med tanke på vegen vidare, seier han.

LES ÒG: Vil stogge norsk våpeneksport

Farlege protestar
Ein del av arbeidet som følgjeperson går ut på å følgje med korleis ting går føre seg: Finst det ytringsfridom og tryggleik, vert rettstryggleiken sikra? Tyssen fortel om korleis ein fredeleg solidaritetsmarsj til støtte for Gaza sundag kveld vart møtt med valdsame reaksjonar.

– Den vart brutalt slått ned på av israelske styrker som angreip demonstrasjonen med køller, og slo laus mot blant anna kvinner, born og ambulansepersonell før dei skaut lydbomber og tåregass inn i folkemengda. Det var med andre ord ei særs brutal handtering. Vi var ei gruppe frå ledsagerprogrammet som stod eit stykke unna og observerte, og politiet skaut gummikledde stålkuler med maskingevær mot oss, så vi måtte hive oss i dekning. Mannen som stod ein meter til side frå meg vart treft i hovudet, blødde fælt og vi måtte tilkalle førstehjelp og få han i ein ambulanse, seier han.

For Tyssen har desse erfaringane ført til at han fått ei ny forståing av korleis det kan vere å vere palestinar.

– Då eg såg dei skyte mot uvæpna tilskodarar som ikkje provoserte i det heile fekk eg ei djupare kjensle av kva vilkår det palestinske folket faktisk lever under. Motstanden er enorm blant palestinarane, fortel han.

Artikkelen held fram under biletet.

Tyssen i ein roligare augneblink. Foto: Julia Rahlff 

Israelsk motstand – og litt håp
Sjølv om ledsagerprogrammet først og fremst er i Palestina, har Tyssen som privatperson òg vore ein del i Vest-Jerusalem, fordi han har fleire vener i den israelske fredsrørsla. Han fortel at dei har tøffe kår.

– Blant israelarane er støtta til dei militære aksjonane enorm. Ei protestmarkering i Jerusalem på torsdag samla berre ca. 200 menneske, langt færre enn i Oslo. Der vart vi utsett for grove truslar av mot-demonstrantar.

Han synest det er skremmande korleis folk uttrykkjer hat mot arabarar og palestinarar på gata i byen.

– Ingenting gjer meg så redd her nede som dei nasjonalreligiøse og ideologiske ekstremistane som går i tog og ropar "Død over arabarane" og liknande. Denne bølgja av nasjonalistisk motivert hat kjem frå eit folk som verkeleg burde vite betre, meiner han.

Lyspunkt finst likevel. For Tyssen er det viktig å understreke at det òg finst israelarar som på kreativt vis syner si støtte til det palestinske folket.

– Eit positivt teikn er at på dagen i går såg eg ei gruppe på mellom 100 og 200 ortodokse jødar springe inn i Aust-Jerusalem med palestinske flagg som ei støtte til det palestinske folket, fortel han.

LES ÒG: – Oljefondet legitimerer okkupasjonen

Demonstrasjonane er viktige
Men kva med oss her i Noreg? Kva bør vi gjere? Tyssen meiner at den gode, gamle demonstrasjonen er mellom dei viktigaste verktøya vi har.

– Dei vestlege regjeringane er anten handlingslamma eller dansar etter Israel si fløyte, og då er det utruleg viktig at folk viser kva dei meiner.

Samstundes minner har på om at det ikkje er nok å like.

– Det er viktig å spreie info i sosiale medium, men ikkje tru at du har medverka fordi du likar eit innlegg. Underskriftskampanjar og demonstrasjonar som viser at Noreg si regjering går i mot ønsket til folket er effektivt. Ein kan òg støtte det humanitære arbeidet til Norsk Folkehjelp i Gaza, seier han.

Likevel er han klar på kven som har ansvaret.

– Det er regjeringa som først og fremst må handle. Det er på tide at Noreg krev at internasjonal lov blir følgd. Israel må avslutte krigen, avslutte blokaden, og avslutte okkupasjonen. Grensene frå før juni '67 må re-etablerast. Alle desse tinga er vedtatt gang på gang i internasjonale fora som Noreg er forplikta til å følgje. Regjeringa må ta konsekvensane av dette, og bruke dei virkemiddel dei tykkjer er naudsynte for å oppnå desse måla, avsluttar han.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE