Vil at skandinavar skal få opp augo for viltskoding

Snorre Sandemose
Publisert
Oppdatert 01.08.2018 15:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil at skandinavar skal få opp augo for viltskoding

–  Slik det er no fer svenskar til Thailand for å ri på elefantar, og so kjem japanarar hit for å sjå på elgar, seier Marcus Eldh, som driv verksemda WildSweden i Skinnskatteberg, Västmanland.

Det er over dobbelt so mange bjørnar i Sverige som i Finland, fortel Marcus Eldh. Likevel er det til Finland klart flest turistar kjem for å sjå bamsen. 
Foto: Sara Wennerqvist / WildSweden

Han var berre 24 år då han starta eiga villmarksbedrift, og no, 17 år seinare, har han ingen planar om å slå seg på ein annan karriereveg. Han meiner det er på tide at folk i heimlandet òg får opp augo for kor spanande det er å drive med viltskoding.

– Me har hatt gjester frå heile verda, inkludert Nord-Korea, Burma, Mauritius, Uganda, Nigeria, Alaska og til og med frå Noreg, seier Marcus Eldh litt på skjemt.

Les også: Sjeldan tropisk fugl vitja vestlandet

Engelsk turist sjarmert i senk av beverar

Engelskmannen David Felkins og kjærasten hans var med på ein viltskodingstur hjå WildSweden no i juli.

– Kva var høgdepunktet med turen?

– Fyrst av alt må eg seie at safariet i gummibåt for å sjå bever var heilt fantastisk. Me var heldige og såg til saman seks beverar, to av dei medan dei var på land, seier Felkins.

I villmarka: Dei siste tretten åra har David Felkins og kjærasten hans reist på viltskodingsturar i forskjellige land. Her frå ein tur i Finland i fjor

Han tykte òg det var gildt å sjå elg og bjørn, og sette pris på alle fem dagane ute i skogen. Men beverturen vart mest uforgløymeleg.

– Me hadde aldri sett beverar før. Det vil seie, me hadde sett dei i fangenskap. Men no har me sett ville beverar, og det er noko ganske anna, seier engelskmannen.

Han fortel at beveren har vore utrydda i Storbritannia, og at regjeringa no jobbar med å reintrodusere han der.

– Når eg såg beverane gjekk det opp for meg kor mykje me har tapt. Storbritannia har mista so mykje av økosystemet sitt. Det er leitt å sjå kor fråkopla me er naturen der, seier Felkins.

Han seier føremonene med å ha vill natur ikkje kan reknast på i tal eller pengar.

Les også: Denne ørna kolliderte med ein bil – men fekk ein sjanse til

Skumringstimen: Det er i kveldinga dei plar sjå på elg og bever, medan ulve- og bjørneturane varar utetter natta. Foto: Jan Nordström / WildSweden

Såg elg med kalv. Bjørnane var «vedunderlege»

Felkins tykkjer om å vere vitne til dyr som er frie i naturen til å utfalda seg sjølve.

– Det er spesielt å sjå dyra i deira eige leveområde, der dei bruker so mykje av tida si. Me var veldig heldige den andre natta og såg ei elgku med kalven sin, femten meter frå køyretyet vårt. Det var herleg å sjå, legg han til.

På elgturen såg dei fleire elgar til, og eit rådyr og ein hare.

Elg i tåkeheimen. Foto: Lars Gabrielsson / WildSweden

– Me har ikkje lenger mange store pattedyr heime hjå oss. Me har mista so mykje. Ikkje noko av det me såg på denne turen kan verte teke for gjeve. Å ha villdyra i skogen er eit privilegium, legg han til.

Siste natta såg dei to bjørnar, og dei var «vedunderleg vakre» og Felkins vart som «lamslegen» av synet.

– Me sat i skjulet og venta der gjennom heile natta. Me hadde ei lita opning for å kunne ta bilete. Og so såg me dei to kome. For nokre vedunderlege skapnader. Me såg korleis dei såg etter mat, lukta ut i lufta, og varsamt gjekk gjennom villmarka. Ein vakker skapnad i sitt naturlege habitat, som kom og so fòr, og berre var ein bjørn, seier Felkins.

Les også: Pingvinane truga av issmelting

Bever ute på symjetur. Tidleg på 1900-talet vart beveren erklært utrydda i Sverige. Mellom 1922 og 1939 vart 80 norske beverar sette ut på 19 ulike stader i Sverige, og dette vart starten på dagens beverstamme i landet. Foto: Jörgen Petterson / WildSweden

Lidenskapeleg interesse

I fjor var David Felkins og kjærasten hans i Finland for å sjå ville dyr. Dei siste tretten åra har dei kvart år reist til eit framandt land for å sjå på villdyr saman.

– Dette er noko av det me har til felles, at me er lidenskapleg interessert i viltskoding. Me likar det so godt, seier Felkins.

Skjulestaden til bjørneskodarane. WildSweden har løyve til å leggje ut eple og litt annan mat til bjørnane. Elles hadde det vore vanskeleg å syne fram bjørn til turistar. For å sjå bjørn lyt WisitSweden fare til eit landskap mykje lenger nord, Hälsingland.

Dei har ikkje vore i Noreg enno for å skode etter villdyr, men det står på ynskjelista. Felkins var svært nøgd med turen i Sverige.

– Dei var veldig profesjonelle, og me lærte mykje av guidane, som hadde svar på alle mine spørsmål, seier han.

Han var nøgd, endå om det ikkje vart noko ulveuling på gruppa hans den siste natta.

– Det var ei flott utflukt. Me var der ute, i vargterritorium. Og me visste at me truleg vart observerte av ulv. Det var spanande.

Les også: Julius: Menneske om dagen, sjimpanse om natta

Som oftast ser turistane beveren ute i vatnet, men ein gong i blant får dei sjå han på land òg. Foto: Jan Nordström / WildSweden

Elg og bever er dei lettaste å få auga på

Marcus Eldh, grunnleggjaren av verksemda, fortel at det er 20 stader i nærleiken av Skinnskatteberg i Västmanland der dei kan kome nært innpå elgar. På ein typisk elgskodingstur køyrer dei rundt i minibuss i skumringstimen og stoggar på alle desse stadene. I snitt ser turistane dyr på tre av dei.

Beversafari om kvelden. Foto: Jan Nordström / WildSweden

Beveren er endå lettare å få auga på. Utfluktene går føre seg på ein innsjø ved Skinnskatteberg der det er fem beverbu. Viltskodarane fer varsamt fram i ein gummibåt og ser alle beverhusa på ein kveld.

Vanlegvis ser dei beverar i to eller tre av husa på ein tur. Sumtid ser dei òg ein bever gå på land, kanskje for å gnage på eit tre. Då kviskrar guiden «beach beaver» til turistane, og alle freistar å få auga på gnagaren i det han går på land.

Les også: Ti ting du ikkje visste om hjorten

Ulveturane krev førebuingar

Ulvane får kvalpar i mai. Fyrst når kvalpane er so store at dei kan raske kringom i landskapa i lag med resten av flokken, etter jonsok, byrjar dei fyrste ulveturane.

I år var fyrste ulveturen den 29. juni.

Når det gjeld ulveturane, lyt turistane nøye seg med å høyre ulinga, og sjå spora. Men dei set pris på det.

– Guiden er fyrste ute og rek på ei synfaring for å sjå kvar vargane er, seier Eldh.

Slik får dei ein idé om kvar det er lurt å fare for å høyre ulven når natta sig på.

– Me sit inni mørke skogen på ein bakketopp. Me smyg oss litt nærare ulven når me høyrer ulinga, og so smyg me i veg att. Me freistar ikkje å sjå dei, seier Eldh.

– Korleis reagerer turistane på ulinga?

– Dei synest det er veldig heftig. Ulven er eit myteomspunne dyr som gjer at det er ekstra spennande for dei å høyre han. Når vi sit på ein «kulle» og veit at at ein heil familie er 500 meter vekke, i same skog som oss, so er det veldig spennande.

Turistane kan sitje i timesvis i total tystnad og vente på å få høyre ulinga.

Les også: Katten ryddar fjøra fri frå plast

Sjeldant syn: Ein ulvekvalp. Det er svært sjeldan at turistane ser ulv, men dei er nøgde med å sjå spor og høyre uling. Attåt Västmanland, er det i Dalarna, Värmland og sørlege Jämtland at ein har størst sjanse til å råka på ein skrubb i Sverige. Foto: Jan Nordström / WildSweden

– Marcus Eldh: Mental sperre hjå oss

Gjestene kjem vintertid òg, men då går det mest i å sjå spor etter dyrepotar og dyreliv i snøen.

– Det går ei mental sperre hjå oss svenskar når det kjem til det å vere turist i eige land for å sjå på villdyr. Men mitt mål er at fleire svenskar òg skal få opp augo for vårt dyreliv, seier Eldh.

Les også: WWF tapte ulverettsak – må betale ein halv million kroner