WWF tapte ulverettssak – må betale ein halv million

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oslo tingrett meiner at vedtaka om lisensjakt som Klima- og miljødepartementet gjorde i desember, oppfyller vilkåra i naturmangfaldlova. Domstolen avviser påstanden frå WWF, som meinte at departementet braut både Grunnlova, naturmangfaldlova og Bernkonvensjonen om trua arter.

– Det var ein skuffelse. Men aller mest skuffa er det ulven i Noreg som har grunn til å vere, seier generalsekretær Bård Vegar Solhjell i WWF til NTB.

– Denne vinteren har vi skote meir ulv enn noko år så lenge vi har hatt naturmangfaldlova. Vi fryktar dette kan svekkje bestanden og forvaltninga av ulv i Noreg, seier Solhjell.

Han seier dei no skal setje seg grundig inn i dommen før dei vurderer ein eventuell anke.

Vil dempe konfliktar

Tingretten seier seg mellom anna einig med staten i at det er ei viktig offentleg interesse å sikre at det i liten grad er ulv utanfor ulvesona.

– Retten meiner omsynet til føreseielegheit, konfliktdemping og tillit til forvaltninga må vere legitime omsyn å gi vekt, sjølv om ein slik praksis langt på veg inneber at ulv kan fellast berre fordi dei går utanfor ulvesona, heiter det i dommen, som kom fredag ettermiddag.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) seier han registrerer at staten har fått medhald.

– Men vi må setje oss inn i kva dommen faktisk seier, for å få avklart om og kva han kan ha å seie for forvaltinga, seier han til NTB.

Han trur ikkje denne dommen er nok til å skape ro i den betente ulvedebatten.

– Det trengst meir enn ei rettsavgjerd for å få ein rolegare debatt. Ein treng meir tid og fleire avgjerder, seier han.

Var kritisk til jakta

Da WWF gjekk til sak, sat Elvestuen framleis i opposisjon. Han var sjølv kritisk til vedtaka om lisensjakt, som forgjengaren hans, Vidar Helgesen (H), fatta i desember.

Opphavleg vart det vedtatt å felle opp mot 50 ulvar i jaktsesongen 2017–2018. Departementet reduserte talet til totalt 42, av dei er det felt 28 dyr. Organisasjonen meiner talet det vart gitt løyve til å skyte, er for høgt, og at jakta dermed truar bestanden.

– Ulv er kritisk trua i Noreg. Det er enormt med innavl. Det er eit problem, og vi må føre ei forvalting som betrar genetikken. Vi skal ha levedyktige bestandar av rovdyr i Noreg, seier Elvestuen no. Han opplyser at han vil utvikle samarbeidet med Sverige vidare.

– Stortinget avgjer

Norges Bondelag, som altså støtta staten i saka, er fornøgd med dommen og meiner han støttar opp om prinsippet om at det er Stortinget og ikkje rettsapparatet som skal ha siste ordet i ulveforvaltinga.

– Det er veldig bra for alle som bur i ulvesona og utanfor, at det skal vere mogleg å forvalte ulven. Det er nødvendig for å få ned konfliktnivået, seier rovdyransvarleg Einar Frogner, sjølv om også han trur det kjem til å ta lang tid å få ro.

Høg pris

WWF må betale sakskostnader både til departementet og partshjelparane Utmarkskommunenes sammenslutning, Norges Bondelag, Norskog og Norges Skogeierforbund. Til saman er det snakk om 454.430 kroner.

– Det er ein risiko når ein går inn i ei sånn sak. Vi synest det er eit svært høgt beløp, seier Solhjell.

Han lover likevel å akseptere dette.

Organisasjonen har samla inn pengar til rettssaka, og Solhjell konstaterer at gåvene kjem godt med.