Sjeldan tropisk fugl vitja Vestlandet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjeldan tropisk fugl vitja Vestlandet

– Dette er ein veldig spesiell fugl. Den er heilt nydeleg rett og slett, seier hobbyornitolog Anders Braanaas, som bur på naboøya Værlandet.

Det var Kurt Rutledal som oppdaga den spesielle og fargerike fuglen fredag ettermiddag.

– Først lurte eg på om det var ein burfugl som hadde rømt, han var så fargerik. Då eg ringde til den lokale ornitologen vart han stum. Då skjønte eg at dette var ein uvanleg fugl, fortel Rutledal.

Les også: Sjøfuglane er heilt borte i 44 av 69 reservat i Hordaland. 

Nærmast unikt her til lands

Hobbyornitologen, som sjølv bur i havgapet der fuglen vart observert, er overraska over at fuglen har funne vegen ut hit.

– Den er supersjeldan. Den høyrer til heilt aust for Middelhavet mot Iran og Irak, og i Nord-Afrika. Den heiter bietar fordi den et bier, seier Braanaas. Han trur fuglen har følgt varme luftstraumar opp til Noreg.

– Oi jøss og jøye meg. Det er jo smått sensasjonelt, seier Alv Ottar Folkestad i Norsk Ornitologisk Forening, då han får høyre om den sjeldne gjesten. Folkestad trur også at fuglen kan ha følgt dei varme luftstraumane nordover.

Dette er andre gongen ein slik fugl blir sett i Noreg. Førre gong var i 1998 utanfor Bergen.

Les også: I Italia tek dei ulovleg livet av 5,6 millionar fuglar kvart år