Simon (24) syner fram svenske villdyr til turistar

Snorre Sandemose
Publisert
Oppdatert 01.08.2018 15:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Simon (24) syner fram svenske villdyr til turistar

– Eg lever aldri so mykje som dei stundene eg får høyre vargen ule medan eg sit ved ein stille sjø midt om natta. Eller som når eg får sjå ei elgku saman med ein kalv som diar, seier Simon Green, viltskodingsguide. (Svensk: Viltskådningsguide)

I sumar jobbar han i dei djupe skogane ved den vesle svenske tettstaden Skinnskatteberg i Västmanlands län.

SKY: Brunbjørnen er av dei skyaste og mest varsame dyra i faunaen. Selskapet Simon jobbar for får løyve til å setje ut litt mat til bjørnane. Det er naudsynt for at det skal vera mogleg å syne ville bjørnar fram for viltskodingsturistar. Foto: Simon Green

Les også: WWF saksøkjer staten for å redde ulven

Studerer natur- og fjellguiding ved Umeå universitet

Green har eitt år att av studiet på natur- og fjellguidelina i Kiruna ved universitetet i Umeå. Når han er ferdig utdana ynskjer han å jobbe fulltid som natur- og viltskodingsguide, både i inn- og utland.

MORSKJÆRLEIKEN I NATUREN: Å sjå elgmora gje mjølk til kalven sin er noko av det vakraste Simon ser i naturen. På dette biletet skimtar me so vidt elgkalven i graset, til venstre for mora. Foto: Simon Green

– Mange søkjer seg til aktivitetar som ekstremsport, fjellsykling og fjellvandring for å få eit «kick». Eg får mine «kick» av å sjå ville dyr i naturen og dele opplevingane med gjestene, seier Green.

Turistane kjem med store forventningar, og er nyfikne på å lære seg meir om bever, ulv, elg og bjørn. Dei kjem frå heile verda for å sjå dyra. Somme av dei har alt vore i til dømes Sør-Afrika og sett elefant, nashorn, bøffel, løve eller leopard.

– Me er gjester i naturen og får sjå det som mange menneske misser. Der ute er me i dyra sitt kvardagsliv, i deira kvardagsrom. Det er det beste, seier Green.

Les også: Våren er safaritid for å sjå hjort

Fire engelske ektepar fekk eit unikt møte med ein natteramn

Simon har nyss hatt med seg fire engelske ektepar til skogs over fire netter. Overnattingane skjer i enkle skogshytter og telt. Årets ulvenatt var av dei fyrste i år, for desse turane startar ikkje før kvalpane har vakse til litt.

Det vart ikkje noko ulveuling på engelskmennene. Men turen, som går over fleire timar i total tystnad, vart interessant likevel.

VARGNATT: Når det gjeld ulven, so nøyer turistane seg med å sove i telt og høyre den vidgjetne ulinga. – Eg lever aldri so mykje som dei stundene eg får høyre vargen ule medan eg sit ved ein stille sjø midt på natta, seier Simon Green. Foto: Simon Green

– Det er ei veldig spesiell kjensle å gå i skogen når ein veit at vargane kan vere i nærleiken. Og ein gong medan me stod der ljodlause i skogen og lytta, kom det ein natteramn bort til oss. Han flaug heilt tyst ikring oss ein runde, nesten som ein sumarfugl. So flaug han i veg.

På førehand var dei vortne samde om ikkje å seia eit ord på heile turen, so ikkje ein gong då den sjeldne, raudelista skymingsfuglen til sist flaug sin veg vart det sagt noko.

– Det var «jättefint». Det var som eit fornnordisk skogsvesen, som vi i tystnaden kunne observere og berre nyte, seier Green.

Natteramnen, eller kveldknarr, som fuglen òg heiter, er godt kamuflert og vanskeleg å få auga på til vanleg.

Les også: Instagram vil ha slutt på selfie med dyr i fangenskap

Engelskmennene lét seg fascinere av spesiell ljod

Då det var tur for beverskoding fór dei ut i gummibåt. Han glid stille frametter på vatnet, for el-motoren er nesten heilt tyst.

GÅTEFULL: Beveren gjer inntrykk på viltskodingsturistane. Skogsgjestene siglar i gummibåt med nesten lydlaus el-motor for å sjå han på nært hald. Foto: Simon Green

Då dei kom fram til beverbuet fekk dei auga på fleire dyr der. For mange turistar er møtet med bever eit høgdepunkt. Denne gongen var det òg ein bever som ikkje kom til syne som gjorde sterkt inntrykk på gjestene.

BEVER PÅ FERDE: Ein bever har gjort unna brorparten av arbeidet med å felle ein trestamme han skal ha til huset sitt. Foto: Marcus Westberg/WildSweden, arbeidsgjevaren til Green

– Me høyrde korleis ein bever gnog på eit tre som han skulle felle medan me gleid tyst på vatnet. Det var eit stykke opp i skogen. Den ljoden er veldig spesiell. Han vert transportert gjennom treet og gjev ein atterljom utetter. Gjestene likte å høyre dette, seier Green.

Sjølv om den unge guiden mest alltid lukkast med å syne fram beverar, er det sjeldan dei får høyre ljoden av bevertenner som gneg i eit tre på det viset.

Les også: FRP: – Vi ynskjer ulven dit peparen gror

Visste tidleg at det var dette han ville drive med

Green vaks opp i Västerås, drygt 60 kilometer unna Skinnskatteberg. Sidan han var liten har familien hans drive med fugleturisme heime, og alt i oppveksten bestemte han seg for at han ynskte å satse på villdyrsafari.

LITEN RAUDREV: Av rovdyr er det ulv og bjørn som er dei store trekkplastera, men turistane vert glade òg om dei får helse på ein rev på turen. Foto: Sara Wennerqvist/WildSweden, arbeidsgjevaren til Green

– Interessa for dyrelivet kom tidleg, då eg fyrste gongen som liten gut tok ut i skogen med faren min.

Familieverksemda spesialiserer seg på fuglesafari ute i det fri. Dei tek med turistane til skogs for å sjå småfugl eller større fuglar som ørner, orrhanar, duehaukar og ugler.

Les også: Sommarjobb som geitegjetar

Naturturismen gjev ringverknader

Green fortel at villdyrturismen bidreg til å styrkje økonomien på bygda. Og ringverknadene er ikkje berre økonomiske.

FAST INNSLAG: Beverane er eit populært innslag på viltskodingsturane til Simon Green. Foto: Jan Nordström/Wild Sweden, arbeidsgjevaren til Simon Green

– Når me her i Västmanland ser at folk kjem frå heile verda og oppskattar naturen som finst rett utfor døra vår, so oppskattar me òg naturen meir. I våre augo får då skogen større økologisk og sosial verdi, seier Green.

Han vonar viltskodingsturismen fører med seg eit auka økologisk medvit i lokalsamfunna og i heile Sverige elles.

–Eg håpar dette kan bidra til å gje oss større respekt for naturen og lyst til å verne han, seier Green.

Les også: Julius: – Menneske om natta, sjimpanse om dagen.