Her er årets beste naturbilete

Folket har kåra sine vinnarar i årets Wildlife Photographer of the Year-tevling. Sjå dei fem beste bileta her.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Den britiske fotografen Nima Sarikjani hadde vore på ferd i tre dagar langs Svalbard då han endeleg såg det: Ein ung og ein eldre isbjørn som vandra rundt på havisen. Den yngste av dei to kraup opp på eit isberg, gravde seg ut ei lita seng, og la seg til rette. Så trykte Sarikjani på utløysaren.

Med det tok han biletet (sjå over) som sikra han tittelen årets beste naturfotograf i «People’s Choice»-kategorien i tevlinga til Naturhistorisk museum i London.

Heider til nordmann

Norske Audun Rikardsen nådde opp til topp 5 i konkurransen med dette biletet frå fjorden utanfor Tromsø. Rikardsen brukte heimelaga vasstett utstyr for å få tatt biletet der både nordlyset og manetane i fjorden er synlege.

«Shared parenting»

Eit par med løvinner steller med ein løveunge etter å ha kome tomhende heim frå jakt. Fotograf Mark Boyd tok biletet i Maasai Mara i Kenya.

Løvinner i ein flokk deler foreldreansvaret for alle løveungane.

«Starling Murmuration»

Ein flokk med starar tek formasjon i form av ein stor fugl over Roma i Italia.

Den tysk-romanske fotografen Daniel Dencescu såg at fuglane dag etter dag flaug over byen i ulike formasjonar, og han følgde dei i timesvis gjennom sentrum og forstadane til Roma, før han endeleg fekk blinkskotet.

«The Happy Turtle»

Ein augestikkar og ei skjelpadde bondar i ein innsjø i Jezreeldalen i Israel. Fotografen Tzahi Finkelstein var eigentleg på staden for å fotografere fuglar då han oppdaga skjelpadda, men fatta først interesse då augenstikkaren kom inn i biletet.

50 000 bilete

Over 50 000 bilete vart sende inn til konkurransen i 2023. Juryen valde ut 100 finalistar som deretter vart til ei liste på 25 nominerte. Publikum vart inviterte til å stemme på sitt favorittbilete. Dei fem bileta over fekk siger og heiderleg omtale.