Denne ørna kolliderte med ein bil – men fekk ein sjanse til

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne ørna kolliderte med bil – men fekk ein sjanse til

Saka var først publisert i Grannar.

Det var nokre titals meter aust for Markhustunnelen på E134 i Åkrafjorden at uhellet skjedde ved 11-tida laurdag.

– Det var kona som køyrde, mens eg og tre born sat i baksetet. Plutselig såg me to ørner i vegkanten. Kona mi fekk senka farta, men brått letta dei. Den eine ørna kom seg av garde mens den andre mista høgde og trefte den eine frontlykta på bilen vår. Ørna vart ikkje overkøyrd med fekk seg nok ein kraftig dult, fortel Steinar Eriksen frå Hokksund til Grannar.

Dei var på veg heimover etter å ha feriert i Austevoll då dei fekk ei oppleving dei neppe vil gløyme med det første.

SJÅ VIDEO: HER SET VILTNEMNDA ØRNA FRI!

Etter smellen fekk dei stansa bilen og gjekk om lag 50 meter tilbake mot ørna som då prøvde å kome seg unna

– Den stansa heilt opp mellom fjellveggen og vegen og vart sitjande der roleg, fortel han.

Eriksen kontakta politiet som igjen ringte viltnemnda. Familien venta ved ørna til dei var på plass.

– Det tok ein liten time og me venta ved ørna til dei kom. Det var fleire andre bilistar som stansa opp. Ein hadde gevær i bilen, og han sa han ville skyte ørna. Då kom det nokre tårer hos ein av ungane, og me bad han vente sidan me visste at viltnemnda alt var på veg, fortel han.

Sterke klør

Frå viltnemnda i Etne kom Torbjørn Grønstad og John Kåre Opheim. Dei landa raskt på at ho ikkje såg meir skada ut enn at dei i alle fall ville vente med avliving fram til veterinær hadde undersøkt fuglen. Så gjekk dei laus på arbeidet med å få ho inn eit hundebur dei hadde med seg. Ei oppgåve som var meir krevjande enn det dei hadde sett føre seg.

– Ho hadde ei utruleg kraft i klørne, fortel Opheim som er ein røynd tenestemann i viltnemnda.

Dei tok ørna, truleg ein eitt år gamal havørn, med seg til veterinær Maien Munthe-Kaas i Etne. Ørna såg ut til å bli kvikkare medan ho var der, og etter å ha snakka med fleire fuglekjennarar på telefon vart det bestemt at viltnemnda skulle ta ho med seg tilbake til plassen ho vart påkøyrd for å setja ho ut att.

Grannar var med då dei sat ørna ut at.

– Det er ikkje ofte med er borti fugl. Og det er jo noko spesielt når det er snakk om freda arter. Med hadde ei ørn for om lag fem-seks år sidan som var funnen i fjæra, og så var det ein svane tidlegare i sommar. Men dette er spesielt, sjølv på landsbasis, meiner han.

– Godt å høyre

Etter å ha hatt eit hundebur som heim i eit par timar var ørna snar til å bykse ut av buret då dei opna døra på buret. Ho la seg til ro under ein busk.

– Ho sitt nok der ei stund til ho kjem seg skikkeleg, seier Opheim.

Då han sjekka staden sundag føremiddag tyda alt på at ørna hadde teke vengane fatt, får då såg han ikkje spor av fuglen.

Dei som køyrde på ørna er glad for å høyre at ho ser ut til å ha klart seg.

– Det var ei spesiell oppleving for oss, og det er godt å høyre at ho kan ha klart seg, seier Eriksen.

Les meir på grannar.no