Kongeørnen fekk færre ungar i 2023

Norsk institutt for naturforsking talde færre ungar i 2023 enn i 2022.

Synne Ulltang
Publisert

Noreg har eit overvakingsprogram for kongeørn. Frå 1. februar til 15. september besøker forskarar ulike område av landet for å telje kor mange ungar kongeørnen har fått. Det er berre ungar som er eldre enn 50 dagar som blir talde.

I 2023 blei det registrert 50 ungar av kongeørn, skriv Norsk institutt for naturforsking på forskning.no. Det er færre enn i 2022. Då blei det født 62 ungar.

Ting som kan påverke kor mange ungar kongeørnen får, er kor mykje mat dei finn og korleis vêret har vore når dei rugar på egga. Ein kald vår med mykje regn er for eksempel ikkje bra.