Ny studie: Større isfrie landsområde i Antarktis

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For første gong er det gjennomført ein studie av korleis issmelting og global oppvarming vil påverke dei isfrie områda i Antarktis. Rapporten er publisert torsdag i magasinet Nature.

Forskarane er komme fram til at dei isfrie områda, som i dag utgjer mindre enn 1 prosent av Antarktis, vil auke med 25 prosent innan 2100. Det høyrest ikkje så mykje ut, men konsekvensane kan bli store for planter og dyr som berre lever i desse områda og ingen andre stader på jorda.

– Sjølv om dette kanskje vil gi artane nye område å spreie seg til, kan det også føre til spreiing av invaderande artar og, på lengre sikt, utrydding av mindre konkurransedyktige artar heimehøyrande der, seier seniorforskar Aleks Terauds ved Australian Antarctic Division.

Ein av følgjene issmelting på land kan få, er at dei isfrie områda som i dag ligg åtskilt, blir knytte saman og at artar frå desse områda vil kunne utkonkurrere kvarandre i økosystemet.

Forskinga på issmelting i Antarktis har hittil konsentrert seg om smelting til havs og følgjene for havnivået globalt. Terauds meiner konsekvensane for det biologiske mangfaldet på land er blitt gløymt.