Nusse er ein miljøbevisst katt som er hekta på plast.
Christian Wiik Gjerde

Det er Vestlandsnytt som skriv dette.

Dei var på besøk hos katteeigaren, Martinus Feie. Han kunne fortelje Vestlandsnytt at den knapt to år gamle hokatten brukar tida si på å rydde fjøra fri for søppel.

Nusse tek ansvar. Foto: Martinus Feie
Nusse tek ansvar. Foto: Martinus Feie

Eigaren fortel at det begynte med at Nusse gjekk etter han då han var nede i fjøra og plukka søppel.

– Men så tok ho saka i eigne labbar, fortel Martinus.

Ryddar plast nesten dagleg

Nusse kjem heim, nesten dagleg og legg ein plastpose utanfor terrassedøra, fortel eigaren til Vestlandsnytt.

Eigaren fortel at det ikkje berre er smårusk katten dreg med seg opp frå fjøra.

– Det største eg har sett ho kome med var ein to meter lang plastbit. Den brukte ho ei god stund på, men etter å ha gått baklengs opp trappa fekk ho den opp til slutt, fortel katteeigaren.

Journalist i Vestlandsnytt, Bjørnar Torvholm Sævik.

Oppdatert: fredag 23. mars 2018 12.35
ANNONSE