Julius: menneske om natta, sjimpanse om dagen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

28. desember 1979 kom sjimpansen Julius til verda i Kristiansand dyrepark. Dette blei starten på eit liv mange av oss har fått ta del i.

Forfattar Alfred Fidjestøl har skrive biografien om Julius. Foto: Mari Torsdotter Hauge/NPK

– Vi kan ete om lag den same maten, vi er i dag nesten like store, og vi er begge blitt vaksne trebarnsfedrar i det same landet, skriv forfattar Fidjestøl tidleg i biografien, om Julius, som han har kalla Nesten menneske.

Dei to trebarnsfedrane, han refererer til, er forfattaren sjølv og heile Noregs nasjonalsjimpanse Julius.

– Korleis kom du på ideen om å skrive ein biografi om Julius?

– Ideen kom til meg då eg og familien besøkte Dyreparken i Kristiansand i 2012. Då vi såg sjimpansane kom eg til å tenkje på den enorme forteljinga som låg i dette eine sjimpanselivet, fortel Fidjestøl.

Julius fekk ein tøff start på livet, då mor hans gav uttrykk for å ikkje ville ha noko med han å gjere og faren beit av han den eine fingeren. Løysinga blei adopsjon, Julius flytta inn hos menneskefamiliane Moseid og Glad. Sjimpansen budde på skift hjå dei to familiane. Historia om sjimpansen som vaks opp som menneske vekte raskt interesse, og snart var Julius heile Noregs kjæledegge.

Nesten menneske

Julius knytte seg raskt til dei to menneskefamiliane han budde hjå. Både kontakten med dei vaksne og med barna gjorde at det blei etablerte sterke band mellom Julius og familiane. Planen var at Julius etter kvart skulle tilbake til sjimpanseflokken i dyreparken, noko som skulle vise seg å bli tøft å gjennomføre, både for dyr og menneske.

– Det blei ein rotete og forvirrande prosess for Julius. Framover skulle han bu i Vennesla om kveldane og nettene, men sitje i bur på dagen. Han skulle vere menneske om natta og sjimpanse om dagen. For fem og tre år gamle Ane og Siv Moseid var det vanskeleg å forstå kvifor Julius måtte sitje livredd åleine i eit bur mange timar dagleg, når han openbert hadde det så mykje betre i lag med dei, skriv Fidjestøl.

Julius knyter seg til Reidun Glad som ei mor. Foto: Billy Glad

Sjimpansar er intelligente dyr og kan til dømes lære seg avansert teiknespråk og på den måten føre meiningsfulle samtalar med menneske.

– Sjimpansane er sosialt avanserte vesen. Dei kan føre intelligente samtalar både seg i mellom og med menneske ved hjelp av ein bestemt type teiknspråk. Julius har aldri blitt prøvd lært dette språket, fordi det heile tida var meininga at han skulle tilbake til flokken, seier Fidjestøl.

LES OGSÅ: Denne ørna kolliderte med bil – men fekk ein sjanse til

Å grave i møka, bokstavleg tala

I arbeidet med biografien har Fidjestøl nytta mange ulike arbeidsmetodar. Arbeidsprosessen har ikkje vore heilt ulik måten ein jobbar når ein skriv biografiar om menneske.

– Som biograf så må ein ofte grave i møka til biografobjektet sitt. Denne gongen så har eg tatt det bokstavleg. No har eg faktisk grave i møka til Julius, seier Fidjestøl spøkefullt.

I det snart 38 år lange livet til Julius har han vore objekt i mange avisoppslag og medieoppslag. Julius har, i desse oppslaga, ofte blitt menneskeleggjort og gitt eigenskapar som ein sjimpanse ikkje kan ha. Fleire gonger har det vore omtalar om at Julius har funne kjærleiken, i tillegg til oppslag om at det er kjærleiksbarn på veg. Julius har blitt omtalt som eit menneske, trass i at han er ein sjimpanse.

– Det har vore vanskeleg å rekonstruere alt sannferdig. Ein kan ikkje ta det journalistiske arbeidet rundt Julius for god fisk. Eg har måtta skrelle meg gjennom nokre lauklag for å finne realitetane, seier Fidjestøl.

Endeleg ein plass i flokken

Julis fekk ein tøff veg tilbake i sjimpanseflokken. Det blei kniving og rivalisering med leiaren for flokken i tillegg til mislukka forsøk på å gjere Julius til far og make. Han fann aldri heilt sin plass i flokken og ved fleire høve var han aggressiv overfor både sjimpansar og menneske. Mellom anna gjekk Julius ein gong til angrep på søppelkøyraren i dyreparken og påførte han store bitskadar i handa.

Slike hendingar blei dyssa ned av dyreparken for å halde på glansbilete Julius. Han var det store trekkplasteret til parken og trekte store mengder publikum, men som Fidjestøl skriv:

– Han var stykkevis og delt; han var nesten sjimpanse, nesten menneske.

Julius som godt vaksen. Her er han blitt leiar i flokken i Kristiansand. Foto: Dyreparken

Ikkje før i 2005, like før 26-årsdagen til sjimpansen, skjedde det noko med rolla til Julius i flokken. Den dåverande leiaren for sjimpansane døydde og no stod plassen open. Dei tilsette jobba iherdig med å få resten av flokken til å akseptere Julius som den nye leiaren sin, og dei lukkast.

– Han hadde på ein måte vore arbeidslaus heile vaksenlivet, no var han plutseleg administrerande direktør i AS Sjimpanseflokken, skriv Fidjestøl om den nye tittelen til Julius som flokkleiar.

Livet i dyreparken

Fidjestøl skildrar livet til Julius frå 2005 til i dag som relativt roleg. Han er framleis leiar og har vist seg å vere god til dette, trass i at han nokre gonger har fått kjeft av andre sjimpansar for å vere for snill med dei yngste i flokken.

Det finst mange eksempel på sjimpansar i fangenskap som trivst med teikning og måling. Dette verket er skapt av Julius. Han kunne kanskje fått ei karriere som kunstnar? Foto: Hans Martin Sveindal

Julius har fått tre born som har vakse opp, sjølv om ein av dei tre døydde i ei drukningsulykke i 2012. Forsking, som blir give att av Fidjestøl, skildrar eit brutalt liv for sjimpansar ute i den verkelege verda. Dei er utryddingstruga og bestanden har blitt kraftig redusert sidan Julius blei fødd i 1979. Fidjestøl avsluttar skildringa av livet til Julius ein slags konklusjon:

– Julius lever i ei skjerma verd, han opplever mindre smerte og frykt enn han ville opplevd i naturen. Han kan sleppe den brutale degraderinga som ein kvar alfahann i naturen på eitt eller anna tidspunkt er dømd til å gjennomgå. Han må aldri svelte, han får maten servert, han får medisinsk hjelp og bedøving om naudsynt. Han får aktivitet og utfordringar. Han veit ikkje at det finst sjimpansar som lever fritt i

Julius feirar 30-årsdagen sin saman med resten av flokken. Julius har alltid markert at han set pris på bursdagsfeiringane sine med gledeshyl, kjem det fram i boka. Foto: Hans Martin Sveindal

jungelen i Afrika. Han har aldri vore utanfor Vest-Agder. Han er kanskje lukkeleg.

 LES OGSÅ: Skjebneval for dyra