Slampoet Ánná Káisá (24) kåra til årets unge samiske kunstnar

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.08.2018 12:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slampoet Ánná (24) kåra til årets unge samiske kunstnar

– Det å skrive dikt har kome naturleg til meg. Når eg byrja å skrive dagbok som liten kom det på rim, fortel Ánná Káisá.

No får ho høve til å vidareutvikle eit talent og ein lidenskap som på mange måtar er nyskapande i Sápmi – nemlig slampoesi på samisk. Som årets unge kunstnar må ho bu seg på ei bratt karrierekurve. Med Riddu Riđđu-festivalen i ryggen får ho nemleg sjansen til å opptre på større scener, også internasjonalt.

Ho har alt rukke å framføre dikta sine fleire gonger under årets festival. Dagbok på rim vart til slampoesi, fordi Ánná Káisá trengte eit sterkare uttrykk.

Les også: Ta samane på alvor – ingen gift i Repparfjorden

Framførte dikt på scena for fyrste gongen for eitt år sidan

Ánná Káisá opptrer med slam-poesi under Riddu Riđđu-festivalen i Olmmáivággi 12-15 juli.

Sjølv om Ánná Káisá tidleg byrja å uttrykkje seg gjennom poesien, er ho fersk på
scena. Det er nøyaktig eitt år sidan fyrste gongen ho framførte dikta sine, på den samiske festivalen Márkomeannu i heimbygda Evenes i Nord-Troms.

– Det er ein skrekkblanda fryd. Det er sikkert fordi eg veit at dei som har fått denne utmerkinga føre meg er store samiske kunstnarar. So står eg her på same scene og tenkjer: «Er eg ein kunstnar?», uttrykkjer Káisá audmjukt og litt stolt.

Les også: NRK får kritikk for lite nynorsk og samisk

Den 19. i rekkja

Ánná Káisá er den nittande i rekkja av unge samiske kunstnarar, musikarar og kulturutøvarar som har motteke prisen, som har vorte oppretta for å lyfte fram unge samiske talent.

Ordninga er meint for å motivere og leggje til rette for at unge talent skal kunne skape seg eit namn og eit andlet både nasjonalt og internasjonalt.

I tillegg til å verte tinga inn for å bidra kunstnarisk på neste års festival, får prisvinnaren tildelt eit stipend på 25 000 kroner og eit éin månads opphald i Lásságámmi, kunstnarbustaden etter den finsk-samiske poeten og joikaren Nils-Aslak Valkepää.

Les også: Det er mange måtar å vere samisk på

Ungdomsopprøret som vart urfolksfestival

Riddu Riđđu tyder «liten storm på kysten» på nordsamisk og er ein årleg samisk festival som samlar samar og urfolk frå heile verda for å formidle og oppleve musikken, kunsten og kulturen til urfolk.

Det var ei gruppe sjøsamiske ungdomar frå bygda som sette i gong det som skulle verte ein av verdas største urfolkfestivalar. Festivalen held fram med å satse på unge talent, og har eit klårt mål om å styrkje identiteten, språket og kulturen til samiske ungdomar.

– For meg er Riddu Riđđu ein byrgskaps- og identitetsskapar hjå samar i alle generasjonar, fortel Sandra Marja West (28), som tek over som festivalleiar den 1. september.

Les også: Noreg er meir enn Norge og Noreg

Ánná Káisá Partapuoli (t.v) i samtale under Riddu Riđđu-festivalen 12-15 juli.

Starta som eit tiltak for å styrkje sjøsamisk identitet

Festivalen vart grunnlagt i 1991, med eit sterkt ynskje om å endre verda og styrkje den sjøsamiske identiteten på bygda. Sidan den gongen har Riddu Riđđu jobba for å gjere sjøsamane stoltare og meir medvitne om eigen kultur. Denne prosessen har ikkje berre vore enkel.

– Fetivalen har nok fått namnet av ein grunn. Det har vore mykje motgang, seier Sandra Marja.

Ho fortel om ei turbulent historie prega av fornorsking, skam og sinne over det samiske. Som i mange andre kyststrøk i Troms og Finnmark, vart Kåfjord utsett for ein offentleg fornorskingspolitikk leia av norske styresmakter. Det førte til at den samiske kulturen og språket vart nesten utsletta i desse områda.

– No har festivalen vorte den viktigaste plattforma for å revitalisere og styrkje sjøsamisk språk og kultur. Ikkje berre i bygda, men òg i heile regionen, seier Sandra Marja entusiastisk.

Ho har trua på at den samiske byrgskapen berre vil halde fram med å vekse.

Les også: – Eg får ikkje læra samisk på skulen

Politikk og poesi

Ute på Riddu-sletta samlast eit lite, men ivrig publikum. Dei skal sjekke ut årets «nykomar». Scenografien er enkel. I hendene held Ánná Káisá ein mikrofon og ei bok.

Folk vaknar verkeleg til når ho byrjar å ramse opp upolerte, men velformulerte
frasar på hjartespråket nordsamisk. Sjølv dei som ikkje forstår språket kan føle rytmen og klangen i slampoesien, og utan tvil skjøne at ho ynskjer å fortelje oss noko viktig.

– Det er so vidt eg torer å lese det, og eg skjønar om folk vert sinte. Her fortel eg jo om alt som har skjedd. At dei demde opp Altavassdraget, bygde ein hytteby og flytta nye folk inn i området. Det er området til forfedrane mine. Dei er ein del av meg. Deira blod er mitt blod, deira ord er mine ord og eg trør i deira fotspor. Det her er mitt land òg.

Ánná Káisá står ikkje berre på ei scene for å utfalde seg kunstnarisk. Bodskapen er nemleg knallhard og politisk. Som fødd og oppvaksen i ein reindriftsfamilie som verkeleg har måtte kjenne på konsekvensane av grensedeling og nasjonsbyggjing, er ho smerteleg oppteken av å formidle den fortvilte situasjonen dei no står oppe i.

– Veldig mange av dikta mine er inspirerte av det som av andre vert kalla for den «norsk-svenske reinbeitekonflikten», fordi eg synest folk veit so lite om denne saka. Det er få politikarar som bryr seg.

Les også: Oslo kan få namn og skilt på samisk

Rigid handheving av den moderne riksgrensa

Konflikten handlar om eit beiteområde på norsk side som familien til Ánná Káisá har historiske rettar til. Dei har kontinuerleg fått avgrensa tilgjenge til beiteområdet sitt, fordi reindriftspolitikken ikkje har teke omsyn til samar som har flytta med reinane sine over grensa mellom Noreg og Sverige.

– So når me kjem flyttande til sumarbeitet vert me møtte med mykje hat og rasisme, og det er mange usemjer.

Les også: Korleis seier ein «hei» på samisk

– Oppnår meir gjennom kunsten enn gjennom politikk

Sidan tidlege år har Ánná Káisá vore aktiv i ungdomspolitikken. Ho var blant anna leiar for det ungdomspolitikse utvalet i Sametinget gjennom fire år, men kjende ikkje at ho fekk nok gjennomslag.

– No har eg berre heldt på med dette i eitt og et halvt år. Og eg føler alt at eg har oppnådd so mykje meir enn det eg gjorde som politikar. Det er veldig artig, og eg trur eg kan appellere meir til folk sine kjensler no.

Les også: Fem samar å sjå opp for i 2017

Førebilete for samisk ungdom

Sjølv om Ánná Káisá skriv mange politiske dikt, ynskjer ho fyrst og fremst å vere eit førebilete for andre samiske ungdomar og lyfte det samiske språket fram.

– Eg ynskjer berre å lyfte verdien til språket på det viset at eg faktisk nyttar det. Eg brukar å seie at det samiske språket kan nyttast til alt. Det er ikkje noko slikt «drikke kaffi-språk». Me kan gjere alt me vil med det. Eg kan også slamme, vere sint, få folk til å le eller grine. Eg håpar at eg kan nå ut til samisk ungdom og at eg kan røre dei og vere ei glede for dei.

Les også: Regjeringa vil leggja ned samisk skule