Eg er samisk, men eg får ikkje læra språket mitt på skulen

Kim-Adrian Thrane
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Namnet mitt er Kim-Adrian Thrane, og eg er 15 år. Familien min kjem frå Finnmark, men dei siste to siste åra har eg budd på Kvingo i Masfjorden og eg går på Sandnes skule.

Eg har lyst å læra meg samisk. For at eg skal få læra samisk når eg bur her sør, så måtte eg ha fått fjernundervisning og så eit tilbod om å gå på Sameskolen i Tana ein periode. Men eg har fått beskjed om at dei per i dag ikkje har ressursar til å gje meg slik undervisning. Det synest eg er veldig trist.

Familien på mamma si side kjem frå Finnmark. Mamma er same, brørne mine er samar, tante er same, onkel er same, fetrane mine er samar, bestefar er same og sånn kan eg halda fram å ramsa opp lenge.

For å bli rekna som ein same, må eitt av følgande vilkår væra oppfylt: 1. Du har samisk som heimespråk, eller 2. Du har eller har forelder, besteforelder eler oldeforelder med samisk som heimespråk, eller 3. Du er barn av person som står eller har stått i samemanntalet.

Sjølv kan eg ein god del om den samiske kulturen og levestilen vår, men språket derimot kan eg lite av.

Eg kan nokre småord som til dømes mamma, pappa, bestefar, mormor, vatn og så vidare, men eg må seia at det hadde vore veldig mykje kjekkare om eg kunne ha ført ein samtale på samisk når eg er på besøk der, ein til to gongar i året.

Samisk undervisning

Samiske elevar har rett til opplæring i samisk uansett kvar dei bur i landet. Dette vil seia at samiske elevar har rett til å lære seg samisk språk. Elevane får sjølv velja av dei tre samiske språka dei har, nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. Nordsamisk er det mest utbreidde av dei.

Alle skuleeigarar skal tilby opplæring i samisk til samiske elevar i grunnskulealder, som igjen betyr at alle elevar som er samar har denne retten uavhengig av om ein for eksempel bur i Hordaland eller Buskerud.

Dei kommunane som ikkje har lærar som kan gje opplæring i samisk, kan tilby sine elevar andre typar opplæringsformer til dømes hospiteringar ved samiske skuler, leirskuleopphald eller fjernundervisning (Skype og liknande), slik som eg ønskjer meg.

Rettar

Retten til opplæring i samisk inneber blant anna at elevane eller føresette skal få lov til å velja kva samisk språk dei vil ha opplæring i, opplæringa i samisk skal skje etter læreplanane til det samiske skulesystemet, skuleeigar må tilby alternativ opplæring dersom det ikkje finnest eige personale. Elevane kan velja samisk som første eller andrespråk og elevane kan bli fritatt for framandspråk/språkleg fordjuping dersom dei ynskjer det.

Grunnen til at eg ikkje får samiskundervisning, er at fylkesmannen i Finnmark, (som faktisk er ei dame), har sagt at dei ikkje har ressursar til å gje meg undervisning og at dei heller vil vurdera det etter jul.

Samisk kultur

Samane er eit urfolk som har sine tradisjonelle busettingsområder i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Fordi det ikkje vert gjort nokon offisiell registrering av kven som har samisk identitet/ bakgrunn, er det ingen som veit nøyaktig kor mange samane er. I Noreg bur det samar over heile landet, med dei mest brukte samiske busettingsområda ligg nord for Saltfjellet. Samane i Noreg snakkar tre variantar av samisk språk. I tillegg til dette beherskar nokon få austsamisk.

Samane er ei befolkningsgruppe som har høyrt til Noreg lenge før den norske staten blei oppretta. Dei står derfor i ei særstilling og har rettar som andre grupper i Noreg ikkje har. Blant anna: Rett til opplæring på eige språk, rett til eige parlament (Sametinget), radio- og fjernsynsstasjon med eigne sendingar og eigne samiske skuler og samisk høgskule. Men når ein tenkjer på samisk kultur er jo ikkje dette det første som kjem opp i hovudet ditt. Då tenkjer ein heller ofte på reindrift, samisk språk og joik, samiske klede og sko, samisk mat og det samiske flagget.

Men kor stor tilknyting samane i dag har til dei punkta over, vil variera mykje. Til dømes vil pizza være vanlegare mat enn den tradisjonelle samiske maten for ein god del samar, og den samiske kofta blir berre brukt til spesielle dagar som 17. mai, bursdagsfester, bryllaup osv.

Det med kofta til samane er at den eigentleg fungerer på same måte som med den norske bunaden, dei viser kvar du kjem i frå. Mi kofte kjem i frå Nesseby, mens nokon som ikkje kjem i frå Nesseby, vil bruke eit anna mønster på kofta. Den samiske identiteten er viktig for meg. Derfor er eg også opptatt av at eg må læra det samiske språket. Sidan eg går i 10. klasse no, har eg under eitt år igjen i grunnskulen. Får eg ikkje undervisning i samisk språk før eg går ut av 10. klasse, så mister eg denne sjansen.

QUIZ: Kva veit du om samar og samisk kultur?