Tara Wiers Kvamme (15) i Stord SU meiner det er heilt grunnleggjande at eit folk skal ha råderett over sine eigne område.
Tara Wiers Kvamme
Tara Wiers Kvamme

Den norske stat har gjennom sin mangeårige fornorskingspolitikk, stor skuld i at viktige delar av samisk kultur har forsvunne. Lenge har staten hindra samar i å utøva sitt virke, sin kultur og sitt språk. Det var ikkje før i 1967 at undervisning på samisk vart ein rett i Noreg.

I tidsskriftet Gáldu anslår historikar Henry Minde at det vil ta minst 120 år med dagens løyvingar til Sametinget og samiske føremål før beløpet speglar pengane som vart nytta til å utslette den samiske kulturen.

Burde ha vore ferdige med å overkøyre samane

Me burde ha vore ferdige med å overkøyre samiske rettar for lengst. Likevel ynskjer Framstegspartiet å leggja ned Sametinget, som er ei folkevalt forsamling med oppgåve å verne om samiske interesser.

At eit norsk regjeringsparti lukkar auga for dei alvorlege såra som kom etter fornorskingsprosessen er bekymringsverdig av fleire grunnar.

Me i Sosialistisk Ungdom meiner det er heilt grunnleggjande at eit folk skal ha råderett over sine eigne område.

Like sjokkerande var det då Venstre gjorde sitt inntog i regjeringa i januar, og viljug signerte ei regjeringsplattform som heldt fast på planane om å tillate gruvenæringa å dumpe giftig gruveavfall i Repparfjord i Finnmark. Repparfjord er ein nasjonal laksefjord som i dag er viktig for både fisket og reindrifta. Gruveavfallet inneheld giftige tungmetall som kobbar, nikkel og krom, og kjem til å øydeleggje fjorden.

Skandale at reindrift må ofrast for eit kortsiktig gruveprosjekt

Reindrifta står for den mest klimavennlege og bærekraftige kjøttproduksjonen me har, og er viktig for å halde på samisk kultur og god distriktspolitikk. Det er ei skandale at denne eldgamle næringa må ofrast for eit kortsiktig gruveprosjekt.

Urfolk over heile verda opplever grove inngrep i sin kultur og på sine område. Dette vart spesielt tydeleg under kampen mot Dakota Access Pipeline for berre eitt år sidan. Norske myndigheiter har no sjansen til å vise at me ikkje vil vere med på
trenden.

Regjeringa må gjere det einaste rette, og sei nei til giftig gruveavfall i Repparfjord. Samefolkets dag 6.februar er ein glimrande dag til å starte!

Tara Wiers Kvamme (15)
Leiar i Stord Sosialistisk Ungdom

Oppdatert: onsdag 7. februar 2018 18.32

LES OGSÅ

ANNONSE