NRK får kritikk for lite nynorsk og samisk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NRK får kritikk for lite nynorsk og samisk

I tillegg blir statskanalen kritisert for manglande tilbod til unge på samisk, ifølgje ei pressemelding frå Medietilsynet.

– Medietilsynet har kome til at det ligg føre brot på to av krava som blir stilt til programverksemda til NRK. Dette gjeld kravet om jamlege program for unge på samisk og kravet om 25 prosent nynorsk på radio, TV og nett, opplyser tilsynsdirektør Mari Velsand.

Delen nynorsk på TV-kanalane til NRK var i gjennomsnitt 23,8 prosent, på radio 23 prosent og på nett 16 prosent, ifølgje Allmennkringkastingsrapporten 2017.

– Her ventar vi at dei tiltaka NRK har skildra overfor Medietilsynet, blir prioritert, slik at vi kan sjå ei forbetring på desse områda framover, seier Velsand.

Satsar på unge samar

NRK oppfyller kravet om jamlege program for barn på samisk, men ikkje kravet om jamlege program for unge på samisk.

Til Medier24 seier direktør Mona Alette Solbakk i NRK Sápmi at kanalen har sett i gang ei rekkje prosjekt knytt til program for unge samar.

– Vi fekk kritikk for dette i fjor også, og var fullt klar over at vi sannsynlegvis kom til å få ny kritikk i år. Vi tek kritikken på høgste alvor, og har allereie sett oss som ambisjon å bli førstevalet til unge samar, seier Solbakk.

Mediedirektør Marius Lillelien i NRK opplyser at kanalen arbeider med å auka nynorskdelen. Mellom anna skal dei som meistrar begge målformer, først og fremst skriva på nynorsk på nettsidene til kanalen.

Dei kommersielle ut av rapporten

Frå og med 2018-rapporten er ikkje kommersielle radioaktørar omfatta. Grunnen er at det ikkje lenger har innhaldsforpliktingar no som det riksdekkjande FM-nettet er avvikla.

Med det er ein epoke over, ifølgje Medietilsynet.

– Også dei kommersielle radioaktørane har nokre svake sider i innhaldstilbodet sitt i 2017, men held seg innanfor krava som ligg i konsesjonen.

– Eg håpar kanalane tek med seg breidda i programtilbodet sitt vidare, sjølv om det noverande allmennkringkastingskravet fell bort, seier direktør Mari Velsand.