– Det er mange måtar å vere samisk på

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det må vere plass til nye samar med nye uttrykk og nye tradisjonar, seier Dáavet Bruun-Solbakk. Han er leiar for den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh.

Solbakk kjem sjølv frå ei slekt med sterk samisk identitet, og mange i det samiske miljøet kjenner hans familie. Han har vakse opp med samiske tradisjonar og bruker det samiske språket.

– Det betyr ikkje etter mi oppfatning at eg skal bestemme korleis ein same skal vere, seier Solbakk.

Han møter Framtida.no på Kulturhuset i Oslo for å dele sine tankar om det å vere samisk. Det er lite ved Solbakk sjølv som minner om eit tradisjonelt bilde av ein same.

– Å vere samisk er noko som er ibuande i meg

Dáavet Bruun-Solbakk har langt brunt hår, er kledd i rosa hettejakke og rosa fløyelsbukser. Han har ein lilla topp og svarte sko med høge solar. Han har blåbrun neglelakk og ei skinande veske.

– Eg har òg problem med å sette ord på kva det vil seie å vere samisk for meg. Men eg tenker at eg er samisk berre ved å eksistere. Eg treng ikkje å gjere ei rekke ting for å vere samisk. Det er noko som er ibuande i meg, seier han.

Teksten fortset under bildet.

– Eg treng ikkje å gjere ei rekke ting for å vere samisk, seier Dávvet Solbakk Foto: Beate Haugtrø

– Det er sjølvsagt fellesnemnarar i det samiske samfunnet som i det norske. Og kanskje vi som minoritetsfolk prøver hardare å finne det som bind oss saman. Det er sjølvsagt viktig å ta vare på all den tradisjonelle kunnskapen ein har òg, legg han til.

Han fortel at no i dag handlar det mykje om språk. Å ta språket tilbake.

– Men det er ikkje det som gjer deg til same. Ein kan òg bu i Oslo og finne ut at ein er samisk når ein er 50 år. Du er like mykje same da, seier han.

Kva er kriteria for å vere samisk?

Solbakk fortel at når ein skal definere kven som har rett til å kalle seg samisk, så peikar ein ofte på kriteria for å melde seg inn i valmanntalet for å stemme på sametingsvalet. Det står det blant anna at ein må ha minst ein besteforelder eller oldeforelder som hadde samisk som heimespråk. Ein må også kjenne seg samisk.

– Om ein kjenner seg samisk nok, er eit tricky punkt for mange, seier Solbakk.

Mange vaksne prøver å finne ein samisk identitet

Solbakk er i ein generasjon der mange finn ut at dei er samiske først i vaksen alder, og som da prøver å finne tilbake til identiteten dei har mista.

Generasjonane før dei har vakse opp med mykje diskriminering, og nokre har gøymt og gløymt sin samiske identitet fordi det har vore for skambelagt og belastande å vere samisk i det norske samfunnet.

Frå 1850 og fram til etter 2. verdskrig råda det ein fornorskingspolitikk som gjorde at mange samar mista språket, kulturen og identiteten sin. Samar vart tvinga til å berre snakke norsk i skolen, sjølv om morsmålet deira var samisk, og mykje av kulturen deira vart undertrykt. Solbakk fortel at det i dag finst slekter som er delte mellom dei som identifiserer seg med det samiske og dei som ikkje gjer det.

Når ein no finn ut av slekstreet at ein har samisk opphav og vil finne tilbake til den samiske identiteten, kan det vere ein vanskeleg prosess.

Dávvet Solbakk Foto: Beate Haugtrø.

Solbakk har sjølv opplevd at folk som prøver å finne sin måte å vere same på, kjem til han og spør om råd. Fordi dei reknar han som veldig samisk.

– Ikkje begrens deg sjølv så mykje. Det er ikkje berre språket, reindrifta og klærne som gjer at ein er samisk. Det er viktig å vere åpen og inkluderande, seier Solbakk.

Han meiner at folk skal ha det fint med sin identitet, og må få lov til å utforske det på sin eigen måte. Han bruker stemora si i Oslo som eit eksempel. Ho har vakse opp i byen utan samiske tradisjonar rundt seg. Då ho skulle finne sin samiske identitet i vaksen alder, tok det mange år før ho byrja å bruke kofte, fordi ho hadde veldig respekt for det å gå med kofte.

Og i nokre samiske miljø hender det folk blir møtte med at dei går feil kledte, eller kjenner seg utestengde fordi dei ikkje kan det samiske språket.

Viktig å ikkje presse folk inn i ein mal

Han ser ein del av ei meir inkluderande haldning allereie, men han vil gjerne sjå enno meir av det.

– Det er nok mange også i min generasjon som tenker annleis enn meg om kva som er det viktigaste for det samiske samfunnet akkurat no. Det er sjølvsagt viktig å ta vare på all den tradisjonelle kunnskapen vi har.

– Men det viktigaste for meg er at folk som deltar i det samiske samfunnet får lov til å vere seg sjølve og ha ein eigen identitet. Eg trur det er viktig å ikkje presse folk inn i ein mal, seier han. Det trur eg vi tjener mest på.

Les også: Fem samar du bør sjå opp for i 2017

Prøv deg på den store samequizen!

Noereh: Samisk ungdomsorganisasjon

Ein politisk uavhengig samisk ungdomsorganisasjon som skal gi samisk ungdom ein møteplass og tale samisk ungdom si sak. Organisasjonen har 10 frivillige som jobbar i styret. Dei tek for seg alle saker som er aktuelle for samisk ungdom. Den siste tida har dei vore engasjerte i Pipeline-saka i Nord-Dakota der urbefolkninga har fått eit stort naturområde trua av ei planlagt oljerøyrledning.