Målungdommen reagerer på forslag om nedlegging av samisk skule

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa vil leggja ned samisk skule

– Denne raseringa av eit sørsamisk kompetansemiljø må ikkje skje. Legg regjeringa fyrst ned skulen, vert sørsamiske kompetansen spreidd for alle vindar, seier Fredrik Hope, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom i ei pressemelding.

Ved å leggja ned skulen håpar regjeringa ifølgje NRK å spara inn 3,3 millionar kroner.

TEST DEG SJØLV: Kva veit du om samar og samisk kultur?

Ei sårbar elevgruppe
Sameskolen for Midt-Norge/Gaske-nøørjen Saemienskovle, som ligg i Hattfjelldal i Nordland har vore i drift sidan 1951.

Etter skuleåret 2010-2011 har ikkje skulen hatt faste elevar. Dette meiner Hope ikkje er ein god nok grunn til å stengja dørene.

– Det at skulen berre tilbyd samlingar og fjernundervising er ikkje eit argument for å leggje han ned. Sørsamiske elevar er ei sårbar gruppe, og treng slike samlingsstadar for å verte trygge språkbrukarar, skriv den engasjerte målungdommen.

I dag er det berre tre skular som tilbyr fjernundervisning på sørsamisk. Dei to andre ligg i Snåsa og Røros.

LES OGSÅ: Den engasjerte samen

Sametinget reagerer
Målungdommen er ikkje åleine om å reagere på kutt i det samiske språktilbodet.

Sameskolen er ei viktig sak for Sametinget og sametingsråd Ann-Mari Thomassen har ovanfor NRK Sápmi uttrykt misnøye med at dei ikkje har vore med på nokre samtalar før forslaget om kutt vart lagt fram.

Òg Hattfjelldal Arbeidarparti er ueinige i forslaget frå regjeringa.

Dei skriv på sine Facebook-sider at dei tek sterk avstand frå regjeringa sitt forslag og ber innstendig om at dei endrar standpunkt.

Franziska Wika i Vefsn Venstre skriv på Venstre sine nettsider at skulen er eit unikt kompetansesenter som samfunnet ikkje har råd til å mista.

LES OGSÅ: Kven bryr seg om Sametinget?

Vil ha sørsamisk satsing
Fredrik Hope meiner Stortinget har eit ekstra ansvar for å satsa på sørsamisk, sidan staten Noreg ber skulda for at sørsamisk er utryddingstruga.

– Noreg tok nesten livet av dei samiske språka med store løyvingar til fornorskingsarbeid frå 1850-åra og framover. Difor er det Noreg sitt ansvar å få talet på språkbrukarar til å auke.

Norsk målungdom oppmodar no regjeringa og deira støtteparti, Venstre og Kristeleg Folkeparti, om å satsa på sørsamisk.

– Sørsamisk har mange utfordringar som kan løysast med lure prioriteringar og moderate satsingar. Partia på Stortinget kan leggje til rette for at fleire kommunar skiltar på sørsamisk, syte for fleire sørsamiske læremiddel og gje dei sørsamiske institusjonane økonomisk armslag slik at dei kan satse for framtida, oppmodar Hope.