Astrid Underlid etterlyser meir kunnskap om det samiske, og vil at samefolkets dag skal vere raud dag for alle nordmenn.

mm

Eg kan seie hei på engelsk. Eg kan seie hei på fransk. Eg kan seie hei på spansk, og eg kan seie hei på swahili. Og sikkert ei rekke fleire språk om eg berre får tenkt meg om.

Men eg kan ikkje seie hei på samisk.

Dette er ein tanke som har plaga meg mykje i det siste, og eg trur ikkje det finst noko haldbart svar på kvifor eg ikkje kjenner til dei samiske orda for hei, ha det, tusen takk, ja og nei.

Test deg sjølv! Kva veit du om samar og samisk kultur?

«Segregerte» samiske fenomen
Samisk er eit offisielt språk i Noreg, det einaste offisielle språket ved sidan av norsk. Det skal altså i teorien vere likestilt norsk språk, men i praksis er det ikkje slik.

Samisk vert veldig lite brukt i settingar som rettar seg mot både etnisk norske og samiske. Det finst «segregerte» samiske fenomen, som samisk barne-tv og samiske nyhendekanalar, men det finst knapt eit snev av samisk på dei kanalane og programma folk flest ser på.

Vi feirar ikkje ein gong Samefolket sin dag, som er anledninga til denne artikkelen. Det er nemleg i dag, 6. februar! Kvifor er ikkje dette ein raud dag? Kvifor er ikkje dette ein dag vi feirar saman, uavhengig av etnisitet? Og kvifor visste eg ikkje om denne dagen for eitt år tilbake? Eg skjemst.

Kvifor denne språklege segregeringa? Kvifor kan ikkje samisk med norsk tekst vere eit vanleg innslag på barne-tv, på Dagsrevyen og i riksavisene? Eksponering er naudsynt for at vi skal få eit forhold til samisk, som eg synst bør vere ein del av ikkje berre samisk kultur – men norsk kultur.

LES OGSÅ: Bysamar er kvardagsambassadørar

Samisk er ikkje statisk
På skulen lærer vi om alt det fæle Noreg har gjort mot samefolket, og at dette er noko vi skjemst over. Men vi lærer ikkje noko om at vi framleis bør skjemst; at vi framleis har ein lang veg å gå for å fremme og likestille samisk språk og kultur.

Språk og kultur er dynamiske fenomen som alltid er i endring, og ved å berre lære om samisk historie, utan kjennskap til korleis kulturen vert forvalta og er i endring i dag, får vi eit inntrykk av at samisk kultur er «statisk», at det berre er tradisjon.

Det er heilt feil, samisk kultur er like mangfaldig og moderne som den norske, vi veit berre så lite om den. Eg vil så gjerne lære meir!

LES OGSÅ: Sajje og Dávvet: – Mange får kritikk for å ikkje vera samisk nok

Oslo for samane
Det som sette i gang alle desse tankane hos meg, var eit fag eg hadde på universitetet i haust. Det omhandla særleg språkleg imperialisme, og eg fekk lære meir om Samisk forvaltningsområde. Eg fekk høyre om Tromsø-saka eg ikkje fekk med meg då den var høgst aktuell; i 2011. Då vurderte bystyret i Tromsø å bli ein del av Samisk forvaltningsområde, men dei trakk seg fordi mange av innbyggjarane utrykte motstand og misnøye med tanken på at Tromsø kunne bli ein «sameby» og skreiv rasistiske og ufine innlegg i avisene.

Eg blei så sint, og begynte å lure på kvifor ikkje Oslo – som har ei stor samisk befolkning – også er ein del av dette området, som i dag består av Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Porsanger og Tana kommune i Finnmark, Kåfjord og Lavangen kommune i Troms, Tysfjord kommune i Nordland og Snåsa og Røyrvik kommune i Nord-Trøndelag.   

LES OGSÅ: Kven bryr seg om Sametinget?

Samisk kultur er norsk kultur
Det er ikkje nok med Sametinget, status som offisielt språk og eit par forvaltningskommunar med samiske skilt.

Samisk kultur er norsk kultur – og høyrer til i den norske kvardagen.

Ta deg eit minutt til å google ulike variantar av hei på samisk før du legg deg i kveld!

Gratulerer med dagen!
 

Les meir om samisk her!
 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE