Oslo kan få namn og skilt på samisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I dag har eg invitert Sametinget til eit samarbeid om dette og sjå om vi kan komme fram til kva som skal vere dei tre offisielle samiske namna på Oslo, seier byråd for oppvekst og kunnskap i Oslo kommune, Tone Tellevik Dahl (Ap) til NRK etter eit møte med Sametinget fredag.

– Oslo kommune er stolt av mangfaldet i byen vår, og vi synest det er naturleg at vi får offisielle samiske namn for Oslo, seier ho.

LES OGSÅ: Mållaget får samisk og kvensk namn

Dermed vil hovudstaden i så fall òg få kommuneskilt på samisk, slik lova krev når stader får samiske namn. Sametinget er fornøgd med at Oslo no jobbar for å få tre samiske kommunenamn – på sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk.

Noreg har tre offisielle samiske språk. Sørsamisk og lulesamisk blir i dag brukt av omkring 500 til 600 personar kvar, mens nordsamisk, som er det største samiske språket, har omkring 26.000 brukarar.

LES OGSÅ: No kan du læra om sex på nynorsk og samisk

Få med deg reportasjen: Unge samar leiker seg med identitet og tradisjonar. Det kan vere lettare i Oslo enn Karasjok.