Fem samar du bør sjå opp for i 2017

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lihkku beivviin! Gratulerer med dagen!

Alle samar driv ikkje med rein. I høve samefolkets dag har me henta fram eit knippe unge, lovande samar som bruker bakgrunnen sin til å laga nye og spanande kulturuttrykk. Desse bør du følgja med på framover:

Maxida Märak (28)
Den svensk-samiske joikaren og hip-hopartisten Maxida Märak kjem frå Jokkmokk i Sverige. Ho slo for alvor gjennom i 2015, då ho figurerte i SVT-dokumentaren Sápmi Sisters. Artisten og menneskerettsaktivisten har engasjert seg sterkt for samiske rettar, og er sjølv gift med ein reindriftar.

Snart kan norske tv-sjåarar sjå Ida Amanda Märak, som er hennar eigentlege namn, i den svensk-franske tv-serien Midnattssol, som er ein krimserie frå Sápmi. Regissørane Måns Mårlind og Björn Steinvar med var med å laga Broen, så det er berre å gle seg til serien kjem på NRK i vår.

Amanda Kernell (30)
Den svensk-samiske filmskaparen Amanda Kernell gjer i desse dagar stor suksess med langfilmdebuten Sameblod, som ho sjølv har skrive og regissert. Filmen tek for seg undertrykkinga av samane på 1930-talet, er den første sørsamiske filmen nokosinne og håvar inn prisar på filmfestivalar verda over.

Sameblod har noregspremiere 10.mars.

Lene Cecilia Sparrok (19)
Norsk-samiske Lene Cecilia Sparrok speler hovudrolla som Elle-Márjá i nemnde Sameblod. Ho har hausta mange lovord for si første filmrolle og fekk prisen for beste hovudrolle under Tokyo International Film Festival (TIFF). Til NTB seier 19-åringen at ho helst vil jobba med reindrift, men me håpar at det let seg kombinera med film.


Skodespelar Sparrok i rolla som Elle-Márjá (til høgre) i filmen
Sameblod. Foto: Filmweb.

SlinCraze (26)
Nils-Rune Utsi kjem frå ei bygd utfor Kautokeino, og med artistnamnet SlinCraze er han Noregs einaste samiske rappar.

I fjor kom dokumentarfilmen Arktisk superstjerne som vart kåra til ein av årets ti beste musikkdokumentarar av nettstaden Vice. Filmskapar Simen Braathen fortel historia om Utsi, som brukte rap for å slå tilbake mot mobbarane og jobbar for å slå igjennom på eit lite språk. SlinCraze er ikkje berre kul, han har òg talent og guts i massevis.

Niillas Holmberg (26)
Finsk-samiske Niillas Holmberg sine fem diktsamlingar har allereie vorte omsett til over ti språk. I tillegg til å skriva poesi er han musikar, skodespelar, programleiar og aktivist. Holmberg var årets unge kunstnar på Riddu Riđđu i 2010, og kom tilbake til festivalen i 2016 med elektronika-bandet YLVA.


Foto: Tarmo Lehtosalo.

Møt Sajje Solbakk og Dávvet Bruun-Solbakk som leiker seg med identitet og tradisjonar.