Cannabis i kokkeshow skapar reaksjonar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Cannabis i kokkeshow skapar reaksjonar

TV-programmet «Cooking on High» vart lansert på Netflix 22. juni med 16 års aldersgrense. På den norske nettsida til strøymegiganten vert programmet skildra slik:

«For første gang får du se en tv-sendt matlagingskonkurranse der to kokker lager lekre marihuanaretter til et dommarpanel bestående av svært tilbakelente kjendiser.»

– Vi fryktar denne typen program bidrar til å auke den sosiale aksepten for cannabis blant unge. I USA ser vi framveksten av ein ny kommersiell industri som har få skruplar med å promotere eit produkt som kan vere helseskadeleg og gjere folk avhengige, seier Pernille Huseby til NTB.

Ho er fungerande generalsekretær i samarbeidsorganet for rusfeltet, Actis.

Les også: No må me gjera cannabis lovleg og regulere salet, meiner Unge Venstre

Cannabis er blitt storindustri i USA

Cannabis er legalisert i fleire statar i USA. Huseby seier sal av cannabis no byrjar å bli ein storindustri i landet. Business Insider rekna i desember på at det vart selt cannabis over disk i USA i 2017 for nær 10 milliardar dollar – ein vekst på 33 prosent frå 2016.

Instituttleiar Bendik Meling Samuelsen i Institutt for marknadsføring på BI, fortel at det er naturleg for ein bransje å fremje eigeninteresseene sine.

Les også: Lærevanskar av cannabis

Sjåarane vert kjende med forskjellige typar marihuana

I Netflix’ nye show presenterer ekspertar med tilknyting til cannabisindustrien i USA forskjellige typar marihuana.

– Gjennom å vise eit objekt lærer du sjåarane opp om det objektet. Produktplassering gjennom TV-program og filmar er ein måte for bransjen å vise cannabis i ein forbrukskontekst, i motsetning til ein misbrukskontekst, seier Samuelsen til NTB.

– Når ein industri veks kan den ha fleire kommunikasjonsmål. Det eine er å vise fram produktet, det andre er å prøve å gjere ting på ein regulert måte. Det gjer marknaden oversiktleg for aktørane, held BI-akademikaren fram.

Les også: Danske bønder vil dyrke cannabis

– Ingen moralsk mur rundt Noreg

Fire av ti nordmenn brukar Netflix kvar veke, og ei oversikt publisert i Dagens Næringsliv viser at strøymetenesta vil få om lag 776.000 betalande abonnentar i Noreg innan 2020.

– Du kan ikkje tru at berre fordi noko er forbode i eit land, vil kommunikasjonseffekten ikkje oppstå der. For eksempel gamblar nordmenn ganske mykje online. Det er ikkje slik at det går ein moralsk mur rundt Noreg, påpeiker Samuelsen.

Les også: Canada legaliserer marihuana

Cannabis i ferd med å miste litt av stigmaet

Generelt merkar Actis ei aukande normalisering av cannabis i samfunnet og fryktar trykket frå amerikansk populærkultur. Huseby påpeikar at programskaparar står fritt til å lage det innhaldet dei vil, men meiner vaksenkulturen har eit ansvar.

– Vi veit frå USA at industrien reklamerer heftig for ulike typar cannabisprodukt. Det kan vere alt frå sjokoladepålegg til vin med cannabis. Det er grunn til å tru at industrien også nyttar seg av produktplassering. Vi må syte for god rusundervisning som lærer ungdommen skilnaden mellom røynda og TV-seriar.

Les også: Marihuanabruken dobla på eit tiår

– Ei naturleg utvikling

Styreleiar Ester Nafstad i foreininga Normal uttalte til Dagbladet i juni at eit TV-program som «Cooking on high» representerer ei naturleg utvikling der legaliseringskulturen frå USA etter kvart kjem til Europa.

NTB har prøvd å få ein kommentar frå Netflix i samband med denne saka, men selskapet har ikkje svart på meldingane.

Les også: Fleire vel marihuana i staden for alkohol og sigarettar