Lærevanskar av cannabis

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hasj og cannabisbruk den vanlegaste forma for rusmiddelavhengigheit etter alkohol og tobakk i USA, Canada og Australia, kjem det fram i ein ny rapport.

Den australske forskaren Wayne Hall går for å vere verdsleiande innanfor sitt felt. Han har gått igjennom mykje av forskinga på helseskadelege effektar frå cannabisbruk som er gjort sidan 1993.

Ifølgje studien aukar cannabisbruk mellom anna risikoen for alvorlege ulukker og psykiske lidingar, som schizofreni.

LES OGSÅ: «Jonas» brukar cannabis dagleg. No vil han ta førarkort.

Avhengigheitsskapande
Wayne Hall har sett på negative konsekvensar av regelmessig cannabisbruk, samt eventuelle konsekvensar av sjeldan bruk og kva konsekvensar det får å nytta cannabis berre éin gang.

Jørgen Bramness, forskingsleiar og professor ved Senter for rus- og avhengigheitsforskning ved Universitetet i Oslo, meiner at gjennomgangen av problemstillingane rundt cannabis er viktig.

Framleis har ein ingen bevis for at nokon har teke ein dødeleg overdose av cannabis, men avhengigheitsspørsmålet er meir diskutert.

Hall har funne studier som viser at éin av ti av alle cannabisbrukarar risikerer å bli avhengige. Denne risikoen er større for yngre brukarar og med jamleg bruk. Halvparten av alle som nyttar cannabis jamleg risikerer å verte avhengige, medan éin  av sek som starter i tenåra risikerer avhengigheit.

LES OGSÅ: Kunststudentar dopar seg mest

Legalisering?
Avhengigheitsspørsmålet er spesielt interessant i forhold til ein legaliseringsdebatt, meiner Bramness.

– Sjølv om område som har legalisert cannabis ikkje rapporterer om stor auke i bruk, er det nok meir sannsynlig å tenkje at bruken vil auke framfor å bli mindre. Om bruken aukar, vil òg fleire bli avhengige, seier rusforskaren.

Resultat tyder på at cannabisbrukarar får abstinensar etter langvarig bruk. Dette skjer fordi dei utviklar toleranse for verkestoffet THC. Hall skriv om brukarar som søkjer hjelp for angst, søvnløyse, dårleg appetitt og depresjon. Likevel verkar det som om symptoma ikkje er like kraftige som ved alkohol- eller opiatavhengighet – som til dømes morfin og heroin.

LES OGSÅ: – Må slutta å vera naive

Kognitivt trøbbel
Cannabisbruken har auka i heile den vestlege verda samstundes som cannabisen har vorte meir potent, og inneheld meir THC enn før.

Dagleg cannabisbruk vert kopla til dårleg hukommelse, dårlegare ordlæring og merksemd.

Men Hall peikar på at det har vore vanskeleg å vete om brukarane hadde desse utfordringane før dei byrja å røyke.

Hall meiner òg at fleire gode studier gir indikasjonar på at det er ein samanheng mellom desse kognitive effektane og kronisk bruk av cannabis, når bruken byrjar allereie i tenåra. Men framleis er ein ikkje sikker på om cannabis gjev varige skadar.

LES OGSÅ: Rusmisbruk går i arv

Farleg køyring
Å køyre bil i cannabisrus aukar faren for å hamne i ei ulukke til det dobbelte, ifølgje rapporten. Denne faren aukar sjølvsagt enno meir om alkohol er inne i bildet i tillegg.

– Cannabis vert svært ofte nytta saman med andre stoff i det verkelege livet. Eg etterlyser meir forsking som seier noko om blandinga mellom fleire risikostoff. Ofte vert det forska på eitt og eitt stoff, men det er ikkje sånn det fungerer i verkelegheita, seier Jørgen Bramness.

LES OGSÅ: Færre ungdommar rusar seg

Psyk av hasj?
Koplinga mellom cannabisbruk og psykosar og schizofreni er gjort av fleire.

Ifølgje rapporten kan cannabisbrukarar som byrjar i tenåra dobla risikoen for å få psykosar eller utvikle schizofreni. Ein risiko som aukar om ein har slike sjukdommar i familien.

Mindre kjent er at daglege cannabisbrukarar har større sjanse for å utvikla kronisk bronkitt, i tillegg til at middelaldrande brukarar mest sannsynleg har større risiko for hjarteinfarkt, ifølgje rapporten.

Hall peikar òg på nyare rapportar som tek for seg ei mogleg auke av testikkelkreft hjå cannabisbrukarar, eit område som bør forskast meir på.

LES OGSÅ: Kjærast med rus

Etterlysar solsida
Forskar Jørgen Bramness avsluttar med å etterlyse at fleire sider av cannabisen vert studert:

– Det bør òg kome artiklar som oppsumerar dei positive sidene ved cannabisbruk, til dømes om medisinske effektar eller kva slags rolle cannabis kan spele i samfunnet.

LES OGSÅ: – Eg er heilt mållaus over responsen