Marihuanabruken i USA dobla på eit tiår

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marihuanabruken dobla på eit tiår

Forskarar ved USAs nasjonale institutt for alkoholmisbruk (NIAAA) seier at både lovene og haldningane til hasj og marihuana er blitt meir avslappa i den same perioden. Dei meiner at den auka marihuanabruken fører til meir misbruk og avhengnad.

LES OGSÅ: Simone (23) fortalde ope om eige hasjmisbruk på Facebook

– Våre undersøkingar viser at bruken av marihuana i USA har stige raskt det siste tiåret. Omtrent tre av ti brukarar blir kategorisert som avhengige, seier NIAAA-direktør George Koob.

– Med tanke på denne auken er det viktig at fagmiljøa gir folk informasjon om dei potensielle skadeverknadane ved bruken, legg han til.

Forskarane har samla inn tal frå 2012 og 2013 og fann ut at 9,5 prosent av dei vaksne bebuarane i USA røykjer marihuana. Det er ein kraftig auke frå 4,1 prosent i 2001 og 2002.

Medisinsk marihuana er lov i 23 amerikanske statar, mens fire statar godkjenner bruk av marihuana til rekreasjonsføremål. (©NPK)

LES OGSÅ: Politiet: – Foreldra må slutta å vera naive