Cannabisbruken blant unge i Oslo til vêrs: – Nå må vi legalisere og regulere salet, meiner Unge Venstre

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Cannabisbruken blant unge i Oslo til vêrs: – Nå må vi legalisere og regulere salet

Tysdag la prosjektleiar Anders Bakken fram rapporten Ung i Oslo 2018 – ei spørjeundersøking utført ved ungdoms- og vidaregåande skular i Oslo.

Blant funna var ein kraftig auke i delen ungdom som brukar cannabis. For gutar gjekk delen frå 10 prosent i 2015 til 17 prosent i 2018. For jenter frå fem til ni prosent i same periode.

Stadig fleire unge Oslo-borgarar har prøvd cannabis. Foto: Ung i Oslo 2018

Leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark, meiner ein ny politikk må til for å redusera bruken.

– Viss målet er at folk under 18 år ikkje skal begynne å røyke hasj, må vi legalisere og regulere sal av cannabis, seier Hansmark til Framtida.no.

– Direkte konsekvensar av dagens forbodspolitikk

I Ungdata-undersøkinga slår ein langt på veg fast at forbodspolitikken bidrar til ein stor, svart marknad, som mange unge blir trekte inn i:

«At bruken øker, innebærer også at den illegale økonomien blir større. I bakgrunnen av denne økonomien finner en mer profesjonelle kriminelle, men det er også en god del yngre selgere og «løpegutter» som er knyttet til omsetningen. For noen blir dette i sin tur en vei inn i annen kriminalitet

 

Bruken av cannabis blant unge i Oslo er sterkt aukande – spesielt blant gutar. Foto: Skjermdump, Ung i Oslo 2018

Dette er ikkje anna enn eit resultat av ein feilslått ruspolitikk, skal vi tru ungdomspartiet.

– Forskarane bak rapporten seier at dei er bekymra for at narkotika er lett å få tak i for ungdom, og at det gjer at dei koblast til kriminelle miljø. Det er direkte konsekvensar av dagens forbodspolitikk, hevdar Unge Venstre-leiaren.

Vil ha lovleg cannabisomsetning

Hansmark meiner lovleg omsetning av stoffet vil føra til ordentlege aldersgrenser og betre kontroll på bruken.

 – Dersom vi i staden får sal av cannabis inn i kontrollerte utsal, kan vi sjekke alderen på den som kjøper. Med skatteinntektene kan ein førebygge og hjelpe folk som slit med avhengigheit, hevdar Hansmark.

Blant moderpartia tar både Venstre og MDG til orde for legalisering av marihuana i Norge. Mykje tyder på at Unge Høgre går inn for det same på sitt landsmøte denne helga. Raud Ungdom, FPU og Grøn Ungdom er på same linje.

Frå før har Nederland, Uruguay og ni amerikanske delstatar legalisert bruken. Canada legaliserer marihuana til hausten.

Omfanget av cannabisbruken er klart større i Oslo enn i resten av landet. Foto: Skjermdump, Ung i Oslo 2018

Spørsmålet om bruken vil gå opp eller ned ved legalisering er omdiskutert. I USA gjekk forbruket opp etter legalisering i Washington, medan det forblei uendra i Oregon.

Regjeringa sette nyleg i gong ei rusreform. Nå er det helsesektoren, ikkje justissektoren som skal ta seg av rusavhengige. Men reforma går ikkje langt nok, meiner Hansmark.

– Målet med reforma er dessverre ikkje å legalisere cannabis. Nå håper eg regjeringa skjønar at det er den rette vegen å gå, avsluttar han.

KrFU vil ha andre tiltak

KrFU-leiar Martine Tønnessen trur ei legalisering vil gi auka bruk og tilgjengelegheit av rusmiddelet.

– Ein må skilje mellom dei som er tunge rusmisbrukarar, og vanlege ungdomar på gata som prøver hasj. Ei legalisering kan vere betre for tunge rusmisbrukarar, men gir også auka tilgjengelegheit for dei som kanskje ikkje ville brukt det, seier ho.

Martine Tønnessen er leiar i KrFU. Foto: KrFU

Ho er varm tilhengar av regjeringa si rusreform, og å møte rusavhengige med behandling framfor straff.

– Korleis skal Norge få bukt med rekruttering av unge til kriminelle miljø viss ein ikkje innfører lovleg omsetning?

– Vi meiner løysinga er fleire tiltak som ungdomsklubbar og rusfrie møtestader for unge. Der får dei moglegheiter til å drive med andre ting, og endar ikkje opp med å henge på gata, seier Tønnessen.

– Lovleg sal vil føra til generelt auka tilgang

KrFU-leiaren trur ikkje lovleg sal av cannabis vil gjera det vanskelegare for unge å få tak i rusmiddel.

– Aldersavgrensinga på alkohol blir ikkje overhaldt. Ekstremt mange får kjøpt alkohol utan å vere 18. Lovleg sal vil føre til generelt auka tilgang, meiner ho.

– Unge Høgre skal debattere legalisering på sitt landsmøte nå i helga. Er dette ein debatt som går også i KrFU?

– Vi skal ha ein debatt om rus på vårt landsmøte, og det ligg inne forslag om både avkriminalisering og legalisering.

Tønnessen trur likevel det er lite truleg at dette blir vedtatt politikk i ungdomspartiet.

– Dette blir debattert i andre ungdomsparti, så då debatterer vi det også. Men dette er langt ifrå vedtatt politikk, fastslår KrFU-leiaren.