Danske bønder vil dyrke cannabis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyleg har eit politisk fleirtal avgjort å sette i gang eit forsøksprosjekt med cannabis som smertelindrande medisin for om lag 1.500 kronisk sjuke pasientar i Danmark. I den samanheng meiner organisasjonen Landbruk & Fødevarer at planten bør dyrkast i Danmark.

– Vi vil gjerne dyrke cannabis under kontrollerte forhold og levere plantene til medisinsk bruk, seier viseformann Lars Hvidtfeldt til avisa.

LES OGSÅ: Narkotika har blitt meir akseptert blant unge

Nederland er eitt av få land der det er statskontrollert produksjon av cannabis til medisinsk bruk. Stor etterspørsel frå fleire land kan gjere det vanskeleg for Danmark å få importert nok cannabis frå Nederland til dei 1.500 pasientane, skriv Politiken. Landbruket meiner derfor det vil vere ei god løysing å opne opp for dansk produksjon.

Ein slik eventuell avtale vil liggje utanfor avtalen om medisinsk cannabis, og det vil eventuelt måtte opprettast ei spesiell styresmakt for dette formålet, skriv avisa. (©NPK)

LES OGSÅ: Norske studentar seier nei til cannabis-legalisering