Landet er i rute til å bli første G7-land som legaliserer marihuana til rekreasjonell bruk. Regjeringa håper salet skal vere i gong innan august eller september.
mm

Lovframlegget blei vedtatt med 56 mot 30 røyster i det kanadiske Senatet. Dette var ei av dei siste hindringane i vegen for legaliseringstilhengarane, skriv Reuters.

Både statsminister Justin Trudeau sitt liberale parti, og sosialdemokratiske «New Democratic Party» er tydelege i sitt ja-standpunkt til legalisering.

Berre enkelte senatorar i det konservative partiet har motsett syn.

Senatet vedtok mellom anna strengare reglar for reklame, og tilrådde å gi provinsane makt over om det skulle vera lov å dyrka marihuana heime til eige bruk.

Lovleg til medisinsk bruk sidan 2001

Lovframlegget til regjeringa vil gi kanadiarar lov til å dyrka opp til fire planter kvar. Provinsane skal bestemma kor og korleis marihuana blir omsett.

Legaliseringa skulle først skje alt på nasjonaldagen 1. juli. Forseinkinga skuldast nye tillegg og endringar i forslaget, som må godkjennast på ny i Underhuset. Dessutan har provinsane og politiet bedt om meir tid.

I nabolandet USA er marihuana lovleg i 9 av 50 statar.

Heilt sidan 2001 har bruk av rusmiddelet vore lovleg til medisinsk bruk i Canada. I USA er det 29 statar som nå har opna for medisinsk marihuana.

Oppdatert: laurdag 9. juni 2018 13.04

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE