Ingen veit korleis det går med rekruttering til lærarnorma

1.360 nye lærarar må vere på plass til skulestart for å oppfylle lærarnorma. Utdanningsforbundet fryktar at mange kommunar er seint ute med å rekruttere.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grunnskulane treng 1360 ekstra lærarårsverk til hausten

Når skuleklokka ringjer inn igjen i midten av august, trer også den nye minstenorma for lærartettleik i kraft. Det betyr at det maks skal vere 16 elevar per lærar frå .1-4. klasse og maks 21 elevar per lærar frå 5.–10 klasse.

For å klare det må grunnskulane skaffe 1.360 nye lærarårsverk, ifølgje ein oversikt frå Kunnskapsdepartementet i mai. Når norma vert ytterlegare skjerpa hausten 2019, må endå 1.000 lærarar tilsetjast.

Korleis det går med rekrutteringa, snaue to månader før skulestart, har derimot ingen sentrale instansar, som Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet eller KS, oversikt over, får NTB opplyst.

Stikkprøvar Utdanningsforbundet har gjort i eit titall kommunar, viser derimot store variasjonar i kor aktivt kommunane jobbar med rekrutteringa, noko som bekymrar forbundet.

Les også: Meiner klassane er for store. 

Sit på gjerdet

– Nokre kommunar kom i gang allereie i vinter og har no greidd å tilsetje det talet på kvalifiserte lærarar dei treng for å oppfylle norma. Andre har venta svært lenge, og det er framleis usikkert om dei er komne i gong. Her vil det nok bli svært krevjande å skaffe seg kvalifiserte lærarar, seier leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal til NTB.

Totalt må 130 av dei 426 kommunane våre skaffe nye lærarar for å oppfylle norma. Blant dei største kommunane melder blant anna Bergen, Drammen, Bærum og Asker at dei har rekruttert nok lærarar. I Oslo er det framleis 77 tomme undervisningsstillingar frå 1. august, men mange er «i prosess» og er venta å vere i hamn innan skulestart, får NTB opplyst.

I ei rekke andre kommunar slit Utdanningsforbundets tillitsvalde med å få ut informasjon om korleis rekrutteringa går. Blant dei er Stavanger, som må rekruttere 54,7 lærarårsverk.

Les også: Mange fleire vil bli lærarar.

– Burde ha vore på plass

– Vi meiner Stavanger har vore litt for seint ute med å rekruttere. Her vil dei slite med å få tak i dei beste lærarane. Vi synest dette burde ha vore på plass no før ferien, seier leiar for Utdanningsforbundet i Stavanger, Inger Grødem Haraldsen.

Skulesjef i Stavanger, Jørn Pedersen, skriv i ein sms til NTB at tilsetjingar og bemanning er delegert til kvar enkelt skule.

– Vi har enno ikkje henta inn oversikt over status per skule, og erfaringsmessig er dette noko skulane arbeider med fram til tett oppunder skuleferien. Vi er ikkje seinare ute med desse prosessane enn tidlegare år, skriv Pedersen.

Les også: Ein av tre geografilærarar manglar formell kompetanse

Ber KS ta ansvar

Steffen Handal meiner interesseorganisasjonen til kommunane, KS, bør gå inn og vere aktiv pådrivar for kommunane som ligg dårleg an med rekrutteringa.

– No er det bestemt at vi skal ha ei lærarnorm og pengane er komne. Regjeringa har levert. No må kommunane levere. Det er ingen grunn i verda til å vente og sjå, seier Handal.

Helge Eide, direktør for interessepolitikk i KS, seier KS er ein støttespelar på dei områda der det er semje om at KS kan tilføre kommunane meirverdi.

– For vår del er det ingen grunn til å tru at storkommunane har behov for nokon pådrivarar for å finne ut av sitt eige rekrutteringsbehov eller korleis det skal fyllast, seier Eide i ein kommentar.

Les også: Brukar millionar på å få fleire til å ta lærarutdanning