Meiner klassane er for store

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at stadig fleire elevar går på skular med mange elevar per lærar. Mens små kommunar trekkjer ned gjennomsnittet, trekkjer dei store bykommunane opp. Ei undersøking Respons Analyse har utført for Utdanningsforbundet viser at mange lærarar opplever dette som vanskeleg, skriv Dagbladet.

33 prosent av lærarane meiner klassen dei underviser mest, har eit elevtal som ikkje er pedagogisk forsvarleg. Delen som opplever at elevtalet ikkje er pedagogisk forsvarleg, aukar med størrelsen på klassen.

I Oslo, ein region der lærartettleiken er spesielt låg, svarar 40 prosent at klassen dei underviser er for stor til at det er forsvarleg. For lærarar med ansvar for 26 til 28 elevar er delen som opplever det som uforsvarleg, 67 prosent.

35 prosent av dei spurde lærarane meiner i tillegg at klassane dei underviser, er så store at dei i mindre eller ingen grad har moglegheit til å gi tilpassa undervisning. I Oslo gjeld dette 40 prosent av dei spurde.

Steffen Handal, leder i Utdanningsforbundet. Foto: Utdanningsforbundet.

– Det er svært urovekkjande at mellom 30 og 40 prosent av dei spurde seier dei ikkje får gitt elevane tilpassa undervisning og at så mange opplever at klassane der dei underviser, ikkje er pedagogisk forsvarleg, meiner forbundsleiar Steffen Handal.

Han håpar politikarane vil gå inn for ei nasjonal bemanningsnorm.

LES OGSÅ: Tett lærarkontakt motiverer elevar