I dette faget manglar éin av tre lærarar formell kompetanse
Det er store forskjellar mellom den formelle fagkompetansen til lærarar i den vidaregåande skulen. Kunnskapsministeren seier meir vidareutdanning må til.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I dette faget manglar éin av tre lærarar formell kompetanse
Delen lærarar med formell fagkompetanse er godt over 80 prosent i dei fleste fellesfag, men variasjonane frå fag til fag er store, viser SSBs nye kompetanserapport.
Lærarar i geografi og matematikk har lågast del formell fagkompetanse. Delen er høgast blant historielærarar.
Delen som har både formell fagkompetanse og som har fullført høgare pedagogikk-utdanning, er lågare blant geografilærarar (67 prosent). Høgast er prosentdelen blant historie- og norsklærarar (85 og 87 prosent).
Éin av tre geografilærarar manglar med andre ord formell kompetanse.
– Vi veit at læraren er den viktigaste enkeltfaktoren for læring blant elevane. Det er derfor viktig for oss å ha ein oversikt over kompetansenivået i vidaregåande, og fortsette med vidareutdanninga av fleire lærarar, seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H).
Størst skilnad i matematikk
Det er også stor forskjell i kompetanse mellom lærarar i fellesfag på yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram.
Lærarane som underviser på studieførebuande har både eit høgare utdanningsnivå, fleire med pedagogisk utdanning og fleire med minst 60 studiepoeng relevant for faget dei underviser i.
Forskjellen mellom lærarar på yrkesfag og studieførebuande er størst i matematikk.
– Vi har eit yrkesfaglærarløft der vi i 2018 løyver 85 millionar kroner til etter- og vidareutdanning for yrkesfaglærarar. Vi må sørgje for at lærarane har riktig og oppdatert kompetanse når dei skal utdanne fagarbeidarar for framtida, seier Sanner.