Bruker millionar for å få fleire til å ta lærarutdanning

Regjeringa løyver 7 millionar kroner for å få fleire søkjarar til lærarutdanningane. Ein del av dette er to pilotprosjekt som skal gi ukvalifiserte lærarar i høve til å fullføre lærarutdanning ved sida av jobb.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Målet er at alle elevar skal møte kvalifiserte og fagleg dyktige lærarar, enten dei bur i Oslo eller Finnmark, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Universitetet i Tromsø og Nord universitet i Bodø får éin million kroner kvar til to pilotprosjekt for å utvikle modellar som kan bidra til kvalifisering av fleire lærarar i Nord-Noreg. Prosjekta skal leggje til rette for at dei som i dag jobbar i skulen utan godkjent lærarutdanning, kan få høve til dette gjennom eit meir fleksibelt utdanningstilbod.

Flest ufaglærte i nord

Ifølgje nye tal frå GSI (Grunnskolens informasjonssystem) er delen ukvalifiserte lærarar 5,6 prosent på landsbasis. I Finnmark gjeld dette 10,3 prosent av lærarane i grunnskulen. I Troms er delen ukvalifiserte lærarar 8,4 prosent medan nesten 9 prosent av lærarane i Nordland manglar godkjent utdanning.

Regjeringa løyver også fem millionar kroner for å få fleire søkjarar til lærarutdanninga fleire stader i landet. Tiltaka skal vere retta inn mot lærarutdanninga for trinn 1–7 i barneskulen.

Høgare løn

– Regjeringa har tatt fleire grep for å lage ei ny og betre lærarutdanning. Med mastergrad vil nyutdanna lærarar få om lag 60.000 kroner høgare startlønn enn tidlegare. Saman med KrF og Venstre har vi også innført ei gunstig ordning for avskriving av studielån for dei som startar på den nye lærarutdanninga, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Studentar som starta på lærarutdanninga i haust og som fullfører på normert tid, kan få ettergitt inntil 161.000 kroner av studielånet etter å ha jobba tre år som lærar. (©NPK)