36 millionar kroner skal få unge til å danse

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 11 fylke er det satsa til saman 36 millionar kroner på prosjektet. Det gav meir folkedans som både sosial aktivitet og næring i distrikta, skriv Nationen.

Bygda dansar er eit nasjonalt danseprosjekt hovudsakleg retta mot ungdom frå 15 til 19 år. Prosjektet blir finansiert gjennom tilskot frå Kulturdepartementet og fylkeskommunane.

– Med dette prosjektet gir me ungdom i distrikta ei unik moglegheit til å utvikle seg som dansarar over fleire år. Det er fleire som har vore med i tidlegare Bygda dansar-prosjekt som i dag lever som profesjonelle folkedansarar, seier fagkonsulent for Bygda dansar, Torill Steinjord, til avisa.

Bygda dansar har hatt nyskapande danseprosjekt i 11 fylke. Siste fylka ut i oppfriskinga av lokal tradisjonsdans og folkemusikk er Troms og Rogaland.